Fekk pris for masteroppgåve om intersex

Ingrid Dønåsens masteroppgåve er eit framifrå og nyskapande arbeid som kan ha mykje å seie for vidare kunnskapsutvikling, ifølgje juryen.
Foto: Beate Sletvold Øistad
Ingrid Dønåsen fekk pris for beste masteroppgåve med kjønnsperspektiv ved Universitetet i Oslo i 2014.

Torsdag 15. januar var det duka for Senter for tverrfagleg kjønnsforskings (STK) årlege nyttårsselskap. I år som tidlegare vart prisen for årets beste masteroppgåve med kjønnsperspektiv kåra.

Av seks nominerte gikk prisen til Ingrid Dønåsen ved Institutt for psykologi ved Universitetet i Oslo.

– Nyskapande
Juryen, som besto av styreleiar ved STK Halvard Vike og forskarane Anne Helene Kveim Lie og Elisabet Rogg, var imponerte over Dønåsens arbeid:

Ein veit mykje kva legane og psykologane tenkjer. Eg har sett på korleis vanlege folk kjem fram til dei tankane dei har.

«Ingrid Dønåsen har demonstrert en nyskapende og alternativ forskningsstrategi som kan få stor betydning for den videre kunnskapsutviklingen i feltet. Hun har også på en fremragende måte forholdt seg interdisiplinært til den brede litteraturen innenfor humaniora, medisinsk forskning og samfunnsvitenskap. Hennes interdisiplinære teoretiske diskusjoner er betydelig mer ambisiøse enn det som normalt kreves i en masteroppgave i psykologi».

– Det var veldig stort. Eg er glad og stolt og gler meg til å fortelje det til rettleiaren min, fortalde Dønåsen etter overrekkinga.

Tankar om kjønn
Temaet for masteroppgåva er atypisk kjønnsutvikling, også kalla intersex eller «disorders of sex development» (DSD).

Atypisk kjønnsutvikling er eit paraplyomgrep for tilstandar knytt til fysisk annleis kjønnskarakteristika. Det kan til dømes bety at det er vanskeleg å fastslå om eit barn er gut eller jente ved fødselen, eller at nokon har atypiske samansetningar av kjønnshormon eller kromosom.

Atypisk kjønnsutvikling er ikkje det same som å vere transkjønna, at ein person med kvinneleg biologisk kjønn opplever å ha ein mannleg kjønnsidentitet og omvendt.

I oppgåva studerte Dønåsen kva folk som ikkje har nokon erfaring med fenomenet tenkjer om atypisk kjønnsutvikling.

– Ein veit mykje kva legane og psykologane tenkjer, og om kva dei som opplever det og familien deira tenkjer. Eg har sett på korleis vanlege folk, i hermeteikn, kjem fram til dei tankane dei har, fortel ho.

Problematiske omgrep
Dønåsen presenterte deltakarane i studien for ulike dilemma, til dømes kva dei ville gjort dersom det vart avdekka at dottera deira hadde mannlege kromosom og ein indre testikkel. Dei vart så spurt om korleis dei ville likt å få forklart dette frå legen og kva for ord dei ville brukt overfor dottera.

Eit viktig funn i oppgåva er at deltakarane fann omgrep som intersex og «disorders of sex development» problematiske.

I tillegg til heider og ære vart Dønåsen belønna med blomar, diplom og ein pengesjekk.

Artikkelen er opprinnelig publisert hos KILDEN – informasjonssenter for kjønnsforskning. Republisert etter avtale.