Dei indre konfliktane

hijab
Foto: Andreas Bloch
Det finst ukulturar i dei muslimske miljøa, like mykje som det finst framandfrykt og lite forståing for det nye blant etnisk norske. Skal vi gjere noko med det?
Fatema Al-Musawi
Latest posts by Fatema Al-Musawi (see all)

Som ung norsk muslim likar eg å dele tankar. Om korleis eg ser verda, og korleis verda ser meg. På vegen opplever eg mange utfordringar. Nokre av dei er det vanskeleg å snakke om, andre att går det greitt å ta opp. Det som gjer meg mest sår, er samtalar om haldningar og korleis eg skulle ønskt at verda såg meg, som ung, norsk – og muslim. Det er ikkje til å stikke under stolen at eg og mange andre unge muslimar møter mykje framandfrykt og hat. Mange er fordomsfulle. Mange møter meg med lite forståing.

Slik eg ser det, dreier dei fleste fordommane mot islam og muslimar seg ikkje om religion, men om kultur: Det er dei misforståtte kulturelle uttrykksformene og avartane av religionen som har køyrt seg fast, og som er med på å gi næring til fordommane. Ofte er det dei som snakkar om seg sjølve som rettruande og gode muslimar, som held ved like dei forskrudde kulturelle praksisane eller fiendtlege og ikkje-demokratiske haldningane – som igjen er med på å danne grunnlag for det dårlege inntrykket mange har av islam.

Utfordringar i miljøet
Men før eg seier meir, vil eg fortelje om dei utfordringane eg som ung, liberal muslim møter i det muslimske miljøet i dag. Det finst ein del indre konfliktar som muslimane sjølve må ta meir på alvor.

La meg byrje med å seie noko om sosial kontroll, og om kontroll av kjønn og kjønnsroller. Dette gjeld jo ikkje berre muslimar, sjølvsagt, men eg ser at det gjeld muslimar i stor grad. Den sosiale kontrollen rettar seg i hovudsak mot jentene, og det er dei som blir råka. Gutane er som oftast skåna og er vitne til det heile. Dei har stor fridom, er ute tidleg om morgonen, og heime seint om kvelden. Jentene har ingen fridom. Dei skal vere lydige, gjere som dei blir fortalt, og dei må vere heime tidleg om kvelden. Foreldra på si side blir fortalt at dei aldri må stole på jentene sine: Dei må setjast under kontroll, bli passa på, og er ikkje i stand til å klare seg sjølve. Dei må heller ikkje vandre gatelangs åleine, og må hentast der dei til kvar tid er, og særleg gjeld det om dei er ute til etter klokka 21. Det finst inga grad av sjølvstendigheit.

Når jentene blir eldre og skal byrje å studere, får mange av dei bestemme studieretning sjølve. Til ein viss grad, så lenge dei vel anten legestudium, studerer til å bli jurist eller ingeniør. Og ein skal sjølvsagt bu heime så lenge som råd. Jentene skal ikkje flytte heimanfrå før dei er gifte.

Sjølv har eg vore heldig. Foreldra mine let meg flytte frå Oslo til Stavanger då eg byrja å studere, slik eg sjølv ønskte. Svært få muslimske jenter får lov til det, og særleg gjeld det jenter som veks opp i strenge, konservative og religiøse familiar. Foreldra er engstelege for at dei utflytte jentene byrjar å leve frie liv. Kan hende får dei seg kjærast, har sex og i verste fall – mistar jomfrudommen sin. For mange av dei ville ei slik reise vore krise, og særleg for foreldra. Redsla for skam er stor.

La meg snakke litt meir om sex, kjærleik og slike ting: Det er einskilde aspekt ved kjønnsleg omgang og kjærleik som, ifølgje islam, er forbodne. Sex før ekteskap er absolutt ikkje greitt. Det gjeld både kvinner og menn. I teorien, vel å merke. I praksis gjeld den strenge seksuelle kontrollen kvinnene, ikkje mennene. Eit døme: Ved inngåing av ekteskap må kvinna vere jomfru. Mannen, derimot, blir det ikkje stilt dei same krava til. Dette er sjølvsagt ikkje noko ein snakkar om, slik i dagleglivet, men temaet ligg der som ei taus forventing. For nokre er det såpass ille at dei blir bedne om å sjekke underlivet sitt hjå legen før ekteskapsinngåinga, slik at familien til mannen kan få det heile dokumentert. Eg seier ikkje at det skjer overalt, eller i alle familiar, men det hender, ein og annan gong, no og då.

Eg kan bestemme sjølv kven eg skal gifte meg med. Til ein viss grad. Det finst eit og anna krav i vår familie òg: Foreldra mine krev at den framtidige mannen min må vere muslim, og helst ifrå Irak, der familien min kjem frå. Er han norsk, må han konvertere til islam. Kanskje høyrest det strengt ut, og for meg betyr det eigentleg ikkje så mykje. Krava frå foreldra mine er ganske gjengse og normale blant muslimar i dag, og det blir rekna som liberalt.

I konservative familiar blir det enno praktisert arrangerte ekteskap, nokre gonger tvangsekteskap. Arrangerte ekteskap er framleis vanleg. Kort fortalt går det ut på at familien din plukkar ut ein eller ei som dei meiner du kan gifte deg med. Etter at du har møtt vedkomande og blitt kjent med han eller ho, takkar du ja til tilbodet – eller nei. Tvangsekteskap seier seg sjølv: Unge jenter blir tvinga til å gifte seg med nokon dei eigentleg ikkje ønskjer å dele livet sitt med. Heldigvis har eg aldri opplevd at nære venner har blitt tvinga inn i ekteskapet, men no og då høyrer eg historier om jenter som enno blir pressa til å gifte seg.

Så til deg som er forelder, og som les dette: Kor morosamt trur du det er for dotter di å bli gift med ein framand, ein som ho i røynda ikkje vil ha?

Islam, slik eg har forstått det, opnar for at du kan gifte deg med kven du vil, så lenge vedkomande er muslim. Punktum. Dessverre blir islam tolka og forstått annleis av mange. Utfordringa er at det framleis er vanskeleg å fange opp kor utbreidd tvangsekteskap eller arrangert ekteskap er i dei muslimske miljøa. Kan hende har foreldra dine gjort urett mot deg, tvinga deg til å gifte deg med ein du ikkje ville ha, kan hende er du redd for å blande inn styresmaktene, redd for konsekvensane det vil få for deg sjølv, men òg for foreldra dine.

Kva gjer vi med ukulturane?
Kva kan vi så gjere med ukulturane i dei muslimske miljøa? Kva kan vi gjere for å kvitte oss med tvangsekteskap og gamle haldningar til kjønn og kjønnsroller? Ei av utfordringane i Noreg i dag er at korkje du eller eg har tilstrekkeleg kunnskap om temaa. Vi veit for lite om korleis vi kan avdekke problema, korleis vi kan gjere slutt på ukulturane. Dessutan rår stereotype haldningar om kva islam og muslimar er. Etnisk norske slit med å skilje pærer og bananar – skilje mellom dei ofte negative innvandrarhistoriene som vi les om i avisene, og kva den gjengse norske muslim trur og står for: Nokre muslimar er fanatisk religiøse. Men dei fleste er det ikkje. Og sjølv om éin muslim kjem frå ein familie med dårlege haldningar, betyr det jo ikkje at alle andre gjer det. Litt for ofte skjer vi alle over ein kam. Skal vi slutte med det?

Eit av temaa som ofte blir debattert, er hovudplagget nikab og heildekkjande burka. Om vi seier at kvar tiande kvinne blir tvinga til å bruke desse plagga, så er vel ikkje det einstydande med at alle som ber eit hovudplagg, er utsett for tvang? Eller er det det? Mange har fått eit dårleg inntrykk av islam fordi det blir hevda at både nikab og burka er eit religiøst påbod. Det er ei sanning som må nyanserast: Å dekke til håret har opphavet sitt i religionen[1]. Men å dekke til heile kroppen, jamvel heile ansiktet, har inga rot i religionen i det heile, men dreier seg om kulturelle og menneskeskapte praksisar, tradisjonar og skikkar, noko ein gjer fordi ein alltid har gjort det.

Dessverre meiner mange i den vestlege delen av verda at ein ikkje bør bruke hovudplagget hijab, og at dette er symbol på undertrykte kvinner. Men er det umogleg for flotte kvinner som til dømes Sofia Nesrin Srour å bere hijab – og samstundes vere feminist? Er Sofia, som har brukt fridommen sin til å bere sjal, undertrykt? Og betyr det at ho ikkje kan kjempe for fridommen til andre kvinner? Kva er feminisme i eit slikt perspektiv? 

Mange føler kan hende fridom med sjalet på, kanskje er dei meir frie enn om dei ikkje hadde bore det, uansett forma på sjalet eller korleis det er dandert på hovudet. Frå min ståstad er feminisme retten og fridommen kvar kvinne har til sjølv å bestemme kven ho vil vere, og at ho har dei same rettane som menn.

Det plagar meg når folk eg møter, fortel at dei hatar islam. Ofte, når alt kjem fram, dreier det seg om hovudplagga, eller at media har skrive noko negativt om muslimar og islam i avisene. Eg kan kjenne på noko av frykta for det ukjente, eg forstår bakgrunnen for fordommane, men når ein let sin eigen frustrasjon gå ut over alle som er muslimar, blir eg opprørt, frustrert. Ta til dømes samfunnsdebattant Hege Storhaug, som i boka Islam, den 11. landeplage byrjar med å fortelje tre islamkritiske historier, som om dei gjeld alle muslimar, som om alle muslimar nærmast er som ekstremistar å rekne, på veg til Syria for å krige med Daesh (IS), og at dei ønskjer å spreie frykt og hat. Det er som om muslimane er parasittar som ønskjer å ta over verdsherredømmet.

Den slags haldningar og mistenkeleggjering av grupper av menneske gjer at unge, norske muslimar som eg må ta til motmæle mest kvar gong det skjer ei alvorleg hending i namnet til islam, eller noko som muslimar er innblanda i.

Ta til dømes angrepa i Paris, og seinare i Brussel. Utruleg mange muslimar følte i ettertid at dei måtte ut i media, ta avstand frå terroråtaka. Men kvifor føler mange muslimar at dei må stå til ansvar for slikt, og at dei må ut og forsvare seg? Terroråtaka har jo ikkje noko med kjernen i islam å gjere, men handlar om galskapen i det vi kallar ekstrem islamisme, det vil seie misbruk av religion for å legitimere forferdelege terrorhandlingar.

Mediepåverknad
Omgrepet islamisme blir altfor ofte mistolka og kopla saman med islam. Det gjer det vanskeleg for dei med liten kunnskap å skilje klart mellom kjernen i religionen på den eine sida, og den ekstreme ideologien på den andre. Om du er usikker sjølv, skal eg forklare: Islamisme er ein ideologi som ønskjer ei shariastyrt regjering, noko berre eit fåtal muslimar ønskjer. Muslimane eg kjenner i Noreg i dag, mislikar Daesh (IS) og dei forferdelege handlingane og måla deira. Overraskar det deg?

Eg skal ikkje legge skjul på kva eg meiner om omgrepet islamisme, og at det er med på å skape eit misvisande og feilaktig bilete av islam som religion. For mange har islamisme dessverre òg blitt bilete på islam. Men å drepe fleire hundre menneske er langt frå kjernen i islam. I Koranen les vi at det å drepe eit menneske er einstydande med å drepe heile menneskeslekta. Kan ein då, med handa på hjartet, hevde at muslimar er som mordariske parasittar å rekne? At alle muslimane er som ekstremistane? Og er det slik at dei som ikkje deler tankegodset til ekstremistane, må forsvare seg, kjenne skuldkjensle eller stå til rette for dei grufulle handlingane til islamistane?

slam dreier seg om fred. Difor blir eg utruleg sint kvar gong det skjer eit angrep, fordi terroristane forankrar handlingane sine i religionen min. Kva slags religion er det dei forfektar? Det burde vere unødvendig å seie det, men eg hatar vald, eg hatar drap. Det gjeld ikkje berre meg, men det gjeld faktisk dei fleste andre muslimar også.

Media spelar ei viktig rolle som meiningsskapar, dei set dagsordenen og har stor makt til å etablere eller dekke over haldningar, sympatiar og antipatiar. Kanskje bør dei slutte å bruke omgrep som islamist og islamisme? Mange slit med å skilje ein god muslim frå ein ekstrem islamist, eller å fatte kva islamisme i røynda er. Kvifor ikkje halde seg til ord som folk forstår, som til dømes ekstremist, terrorist og liknande? Og kvifor ikkje gjere tydeleg for lesarane at ekstremistane er frå ei anna verd? Kvifor kan ikkje media vere med på å snu det skakkøyrde biletet av islam, gjennom å nytte omgrep som folk forstår og er innforstått med?

Når media legg vekt på at ekstremistane er muslimar, ja, så er det sjølvsagt med på å gjere folk redde. Media har stor påverknadskraft, folk flest stoler på det dei skriv. Dette må media ta inn over seg. Eg meiner dei godt over 230 avisene som finst i Noreg, må vere med og ta ansvar gjennom å endre språket og framstillingane av muslimane som gruppe.

La meg snu kritikken frå media, og mot muslimane sjølve. Noko som er med på å fyre opp under frykta og fordommane i befolkninga, er at mange muslimar er hårsåre for kritikk. For å vere ærleg: Svært få av oss toler eller aksepterer kritikk av islam.

Vi skal lytte til kritikken, og vi må lære oss å tole at religionen blir kritisert. Eg opplever at mykje av kritikken mot islam er kritikk som ein lett kan argumentere sakleg imot. Men diverre er det mange av oss som tek til motmæle på usakleg vis, som byrjar å slenge drit, og som styrer debatten mot grøfta. Tilbake sit religionskritikarane – endå meir kritiske og aggressive. Slik blir kritikken deira av islam og muslimar styrkt endå meir. Eller når muslimar blir så kjenslemessig offensive at dei kastar seg inn i debatten utan eigentleg å vite kva kritikken går ut på. Ærleg tala: Mange muslimar bør innrømme at dei faktisk ikkje kan så mykje om islam som dei påstår at dei gjer.

Vi er heldige som bur i eit land med ytringsfridom, der alle skal få ytre seg fritt. Men kanskje har vi eit problem med einskilde sjølvoppnemnde muslimske talsmenn som ofte snakkar på vegner av alle muslimar, som einskilde imamar som gjer sitt til å setje gruppa av muslimar i eit dårleg lys. Skriv gjerne det du har på hjartet, imam, men hugs at ingen av oss representerer andre enn seg sjølv. Ta til dømes imam Nehmat Ali Shah, han som deltok på minnemarkeringa for ein drapsmann tidlegare i år. «Jeg ble introdusert som moskeens imam. Men da jeg sto og talte, sa jeg at ‘jeg er ikke her bare fordi jeg er moskeens imam, men for å si min mening og for å representere alle pakistanere og muslimer i Norge’», fortalde han til Aftenposten 31. mars.

Ein imam er jo gjerne ein indirekte talsmann for mange muslimar, men når slikt skjer, vonar eg folk flest skjønar at imamen sine sympatiar for mordaren ikkje gjeld oss alle. Iallfall ikkje meg. Vi er òg mange som ikkje har sympati for mulla Krekar, som tidlegare serverte truslar mot kurdaren Halmat Goran, truslar som fekk håret til å reise seg på dei fleste av oss.

Krekar og Nehmat Ali Shah er i mine auge ekstreme, og talar ikkje på vegner av muslimane som gruppe. Dei snakkar på vegner av seg sjølve.

Ein imam eg verdset og respekterer høgt, er imam Sheikh Mahmoud Jalloul. Han veit nøyaktig kva han kan uttale seg om, og han uttalar seg slik at alle i moskésamfunnet hans synest det er greitt. Han er ein høgt respektert mann og eit utruleg godt førebilete. Han er ein av få imamar eg har møtt som kan norsk, som kan kommunisere, og han set ungdom i sentrum. Han er veldig oppteken av kva og korleis dei unge lærer. Imam Sheikh Mahmoud Jalloul er ein imam av ein slik type som moskésamfunna i Noreg treng fleire av.

Korleis betre likestillinga blant muslimar?
Men la meg likevel utfordre dei norske imamane meir ope: Kva gjer dei for å betre likestillinga mellom kjønna i dei muslimske miljøa? I Den norske Kyrkja er det opna for kvinnelege prestar. Kva meiner imamane i Noreg om dette? Er dette noko dei norske moskeane snart vil opne for?

Altfor mange unge ser ut til å legge for stor vekt på skilja i islam. No og då opplever eg at muslimar som følgjer ei anna muslimsk truslei enn eg, ikkje vil prate med meg. Eg synest det er vanskeleg å snakke om dette, men eg tenkjer eg må. Kvifor skal det ha noko å seie om ein er sunni eller sjia? Betyr det noko, eigentleg? Sjølv er eg muslim. Punktum. Kva retning innanfor islam eg følgjer, er i mitt hovud underordna, uviktig.

Ein venn av meg vart ein gong banka opp av dei tidlegare vennene sine. Kvifor? Fordi han følgde ei anna retning innanfor islam enn det dei tidlegare vennene hans gjorde. Slike historier gjer meg sint og opprørt. Frå eg var lita, har eg lært å godta menneske slik dei er, uansett kva bakgrunn dei har. Kvifor kan vi ikkje konsentrere oss om kjernen i denne bodskapen? Kvifor må eg høyre historier om venner som blir banka opp på grunn av trua si? Og kva veit eigentleg 14-åringar om tru? Dei er jo framleis unge, skal framleis lære. Problemet er ikkje av ny dato, men heng att frå dei eldre. Men kvifor slåst mot kvarandre for noko som hende for over 1400 år sidan? Er det verkeleg naudsynt?

Vi bur i eit samfunn, og deler fellesskapen med kvarandre. Har vi rett til å hetse kvarandre fordi vi høyrer til ulike trusretningar? Protestantar og katolikkar har lært seg til å leve med kvarandre. Har vi noko å lære av andre religionar om korleis dei jobbar for å inkludere og møte kvarandre med respekt?

Kanskje er det ikkje så merkeleg at andre etniske og religiøse grupper har eit negativt bilete av muslimane, når vi snakkar til kvarandre slik vi gjer, når vi slengjer om oss med usaklege argument, eller tyr til vald? Ekstreme islamistar viser til Koranen, men spreier løgn, hat og gjer at mange opplever frykt. Då eg flytte til Stavanger, var det mange som fortalde meg at dei hatar muslimar og det dei står for. Men kanskje er det ikkje så rart? Skal muslimane ta tak i dei interne konfliktane i eige hus før dei klagar over fordomsfulle nordmenn? 

Som Sofia Nesrin Srour ein gong skreiv: Vi muslimar må slutte å ta på oss offerrolla. Det gjeld ikkje berre når vi blir konfrontert med terrorhandlingar, men også generelt. Vi må fikse opp oss imellom, løyse dei konfliktane som oppstår i islams hus, før vi går til verbalt angrep på dei som er redde eller fordomsfulle.

Norsk, nett som du
Desse spørsmåla er det vanskeleg i det heile å snakke om. Eg veit at mange vil reagere, at mange muslimar vil hate meg for det eg har skrive. Kanskje ikkje fordi dei er usamde med meg, når alt kjem til alt, men fordi eg er ærleg. Nokre gonger er det vanskeleg å sjå for seg i kva retning ein debatt vil gå. Og når ein fyrst har sett lyset på eit vanskeleg tema, reagerer menneske med ulike kjensler.

Utfordringane framover er å vise skilje – skilje mellom alminnelege muslimar på den eine sida, og ekstremistane på den andre. Vise forskjellane mellom kulturelle praksisar og kjernen i islamsk lære. Den største utfordringa av dei alle er at eg må bli akseptert og verdsett som den eg er – som ung, muslim og norsk. Nesten kvar dag blir eg kalla utlending eller innvandrar. Men det er jo ikkje rett. Eg er fødd i Oslo. Eg er norsk, nett slik som du. I dag bur eg i Stavanger, er student.

Hadia Tajik skreiv noko om dette tidlegare i år: «Jeg er ikke fremmed. Jeg er født i Norge. Store deler av mitt voksne liv har handlet om å stå til tjeneste – for Norge. Når jeg en dag dør, blir jeg gravlagt – i Norge. Det jeg utsettes for, er ikke fremmedfiendtlig. Det er bare fiendtlig.»

Opprinnelig publisert på utgave nummer 2 for 2016 i tidsskriftet Syn og Segn. Republisert i sin helhet, og i den opprinnelige nynorske versjonen, etter avtale med både tekstforfatter og Syn og Segn-redaksjonen