Slik lever folk fra ulike land med diabetes

I ein del sør- og søraust-asiatiske land er folk meir genetisk disponerte for diabetes.
– Ulike kulturelle faktorar og forståingar av sjukdomsgrunnar og årsaker er avgjerande for korleis folk tenkjer på helse og sjukdom, seier Walaa Abuelmagd. Ho har samanlikna grupper med diabetespasientar frå ulike land.

Diabetes type 2 er på framgang over heile verda. Den internasjonale diabetesføderasjonen IDF anslår at 463 millionar menneske lever med sjukdommen i dag og at talet vil stiga til 700 millionar i 2045. Ein reknar at 90 % av dei vaksne tilfella har diabetes type 2.

– Men nokre grupper er meir utsette enn andre. I ein del sør- og søraust-asiatiske land er folk meir genetisk disponerte for sjukdommen. Når dei kjem til Noreg, har dei vanlegvis ein mindre aktiv livsstil enn resten av befolkninga. Det aukar risikoen ytterlegare.

Det seier Walaa Abuelmagd, som 17. januar disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo. Ho har samanlikna tre grupper med diabetespasientar.

Oppsiktsvekkjande høg svarprosent

– To av gruppene er innvandrarar til Noreg. Vi har intervjua pakistanske kvinner og kurdarar – både menn og kvinner. I tillegg har eg intervjua kvinner med diabetes i Dei sameinte arabiske emirata (SAE). Kurdarane intervjua vi i fokusgrupper, for dei to andre gruppene brukte vi spørjeskjema. Mange av pasientane i dei tre gruppene hadde eit komplekst sjukdomsbilete, med hypertensjon og/eller høgt kolesterol.

For å rekruttera deltakarar til gruppene i Noreg, oppsøkte forskarane kafear, moskear, kvinnesenter og liknande samlingsstader. I forskingsteama var det alltid med minst ein person med same bakgrunn som informantane, som kjende språk, kultur og referanserammer. Dei fleste pakistanske kvinnene intervjua vi heime hjå dei sjølve, fortel ho.

– Det var ein svær jobb å koma folk i møte på den måten, men vi vart løna med ein oppsiktsvekkjande høg svarprosent. Blant dei pakistanske kvinnene var han på heile 95 %. For kurdarane var den på 60 %, som òg er veldig bra når ein brukar kvalitativ metode, seier Abuelmagd.

Kombinasjon av tablettar og injeksjonar

I Dei sameinte arabiske emirata var svarprosenten òg svært høg, 90 %. Her gjorde Abuelmagd intervjua åleine på diabetespoliklinikken ved Tawam sjukehus, eit av dei største i landet.

Kurdarane var den gruppa som handterte sjukdommen sin mest i tråd med retningslinjene, ut frå det dei sjølve fortalde. Det var berre nokre få av dei som brukte medisinar mot diabetes i både injeksjons- og tablettform.

Blant dei pakistanske og dei arabiske kvinnene var det høvesvis 25 % og 30 % som brukte ein kombinasjon av tablettar og injeksjonar. Det var høgare del i begge gruppene som hadde kombinasjonsbehandling og som hadde rapportert å ha hatt diabetes i minst ti år.

Høg del analfabetar

Men Abuelmagd understrekar at måten deltakarane vart rekrutterte på, førde til store forskjellar i samansetjinga av dei tre gruppene.

– Til fokusgruppene med kurdarar rekrutterte vi berre folk som beherska norsk godt nok munnleg. Dermed slapp vi å bruka tolk, noko som gjorde at diskusjonen flaut lettare og assistentmoderatorane kunne skjøna det som vart sagt. Alle dei kurdiske deltakarane hadde utdanning.

– Blant dei pakistanske kvinnene var det derimot drygt 60 prosent som hadde så låge norskkunnskapar at dei heller ville svara på urdu, sjølv om gjennomsnittleg butid i Noreg var på rundt 30 år. Andelen analfabetar var òg høgt, eit trekk dei delte med den arabiske gruppa. Så mykje som halvparten av dei arabiske og litt over ein fjerdedel av dei pakistanske kunne ikkje lesa og skriva.

Snacks mellom måltida

Abuelmagd fortel at mange av dei med låg eller inga utdanning trong hjelp til å måla blodsukkeret og forstå informasjon om sjukdommen.

– Ein ting er å måla blodsukkeret, men ein må kunna både lesa og tolka resultatet. Er eit blodsukker på 4, 7 eller 11 bra eller dårleg?

Retningslinjene for diabetikarar tilrår fleire måltid gjennom dagen, med avgrensa kaloriinntak. Blant dei pakistanske og dei arabiske kvinnene var det mange som ikkje etterlevde dette. Dei åt gjerne to eller tre store måltid og i tillegg småkaker og snacks mellom måltida.

Ramadan

– Gruppa med kurdarar var meir medvitne om kosthaldet, men òg mange av dei syntest det var ei utfordring å eta det ein skulle. Det betyr nemleg at ein må gje avkall på ein del tradisjonell mat, og ein opplever òg at fellesskapen rundt måltidet ikkje er den same når ein sit der med sin eigen mat.

I fastemånaden ramadan avsto ein del av dei pakistanske og dei arabiske kvinnene frå mat frå soloppgang til solnedgang og endra samstundes medisininntaket eller stoppa det heilt. Blant kurdarane var det derimot ingen av diabetespasientane som fasta under ramadan.

For diabetikarar er det viktig å få nok fysisk aktivitet, men det var svært få av deltakarane som rapporterte om dette. Heller ikkje blant kurdarane, som elles var den gruppa som ifølgje dei sjølve i størst grad hadde etterlevd tilrådingane for diabetes.

Likeverdig behandling

– Dei opplevde sjølve at dei har fått nok informasjon av legen sin, men det verkar ikkje som dei har teke inn over seg heilt kor viktig fysisk aktivitet er. Vi vet sjølvsagt ikkje korleis legen deira har gjeve dei denne informasjonen. Kanskje bør legane gje meir informasjon om alle sider ved det å leva med diabetes.

– Ulike kulturelle faktorar og forståingar av sjukdomsgrunnar og årsaker er avgjerande for korleis folk tenkjer på helse og sjukdom. Den norske sjukdomsforståinga kan avvika mykje frå mange innvandrarpasientar si forståing, seier Abuelmagd.

– I dei tilfella der avviket er sterkt frå det dei er vane med å behandla, står helsepersonellet som skal gje alle likeverdig behandling overfor store utfordringar. Det gjeld òg korleis ein skal tilnærma seg kulturregulerte eller tabubelagte områder utan at pasienten sine grunnleggjande krav til respekt og verdigheit vert krenka.

(Kilde: Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet)