FOTO: Wikimedia Commons
Foto: FOTO: Wikimedia Commons

Regjeringa inviterer til ungdommens klimatoppmøte i Oslo

Regjeringa inviterer unge til samtale med politikarar for å be om innspel til nye løysingar og idear for klimapolitikk.

Det første møtet finnstad i Oslo. Det vil bli arrangert liknande møte i Tromsø, Trondheim og Kristiansand.

På møtet deltek klima- og miljøminister Ola Elvestuen, kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, utviklingsminister Dag-Inge Ulstein og stortingsrepresentant Terje Halleland (FrP).

Program:

Statsråd Ola Elvestuen ønsker velkommen til møtet.
Diskusjon rundt borda(70 min.) om følgande spørsmål:

- Lavutsleppssamfunnet: Korleis ser framtidas lavutsleppssamfunn ut?
- Grøn omstilling: Kva utfordringar og moglegheiter er det i overgangen til eit berekraftig samfunn?
- Framtidas yrkesliv: Korleis skal vi få fleire til å interessere seg for å forske på nye teknologiske løysingar på klimautfordringane?
- Mitt nærmiljø: Kva kan ein gjere i nærmiljøet sitt for å kutte klimagassutslepp? Og kva vil du sjølv gjere for å bidra til mindre klimagassutslepp?
- Demokrati og medverknad: Korleis kan barn og unge få betre moglegheit til å påverke framtidas klimapolitikk?
- Kunnskap og utdanning: Korleis kan skolen gi betre opplæring om klima og berekraftig utvikling?

Oppsummering og avslutning ved statsråd Jan Tore Sanner.