Språkmangfald er ein ressurs

Verdsett? Blir språkkunnskapar utanom engelsk berre oppfatta som ei hindring for å lære norsk? spør innsendaren
Foto: Flickr
Språkmangfald handlar både om fleirspråkleg kompetanse og om variasjonar i former og bruk av det norske språket. Det er på tide at universitets- og høgskolesektoren finn ut korleis språkmangfald skal møtast gjennom forsking og ein inkluderande pedagogisk praksis.

For den som kjem utanfrå, kan norsk språk verke svært mangslunge og lite standardisert. I tillegg til to skriftspråk med mange valfrie former, er dialektar godteke som munnleg uttrykksform både i offentleg samanhang og til kvardags. I tillegg finn ein sosiolektar og gruppetilpassa språk, ikkje minst blant ungdom. Uttrykksmåten kan variere, med skjulte kulturelle kodar og ein underforstått bodskap. Difor kan mistydingar oppstå også mellom til dømes ein bergensar og ein trønder, om dei ikkje er vane med den tradisjonelle uttrykksmåten til den andre.

Språkvariasjon
I tillegg til skriftlege oppgåver, skal studentane samarbeide med medstudentar og forstå formidlinga til lærarar og andre som gjev informasjon eller tilbyr rådgjeving. Ute i praksis og på jobb er det ikkje lenger berre oppgåver i ulike sjangrar som skal skrivast. Studenten og etter kvart arbeidstakaren skal kunne kommunisere og navigere i eit mangfaldig språkterreng, med krav om å oppfatte og handle raskt. Det gjeld óg studentar med norsk som førstespråk.

Dei vil møte fagspråk og kvardagsspråk om kvarande blant kolleger, og i sentrale strók vil arbeidstakarane ofte ha med seg dialektar frå ulike delar av landet. Nokre vil snakke norsk med utanlandsk aksent. Svenske og danske kolleger som reknar med å bli forstått på sitt språk er heller ikkje uvanleg. Dei som skal yte tenester til innbyggjarane, vil óg møte stor språkvariasjon blant brukarane, frå nybyrjarar i norsk til personar med stort ordforråd men uvant aksent. Dette må studentane bli førebudd på.

Toleranse for andrespråk

Den som må bruke eit andrespråk, må heile tida arbeide med språket, munnleg og skriftleg. Det er gjerne større aksept for dialektbruk enn for utanlandsk aksent og uttaleavvik. Det tek lang tid å tilegne seg eit nivå som nærmar seg førstespråksbrukaren. På si side bør både lærarar, inkludert øvingslærarar for praksisstudia, og studentar som er førstespråksbrukarar på norsk, oppøve toleranse for språkbruken til dei som ikkje er det. Studieopphald i utlandet og å delta i internasjonalt samarbeid elles der ein sjølv får prøve seg som andrespråksbrukar, kan bidra til dette.

Fleirspråklegheit som ein ressurs ein bør utnytte har vore lite påakta.

Studiekvalifisering
Ein kan sjølvsagt ikkje oversjå at ein del studentar har for dårleg grunnlag i norsk til å fullføre eit studium på ein tilfredsstillande måte. Ei undersøking har stadfest at minimumskravet til opptak i norsk er for lågt ( MaiA 3-2008 ).

Bergenstesten vart endra etter dette. Men dei andre prøvene som oppfyller opptakskravet bør også tilpassast slik at dei som skal ta til med studier ikkje blir lurt til å tru at dei er godt kvalifiserte. Når grunnlaget i norsk er for dårleg blant ein del studentar, kan det ha uheldige ringverknader. Blant anna kan det bli skapt eit negativt bilete av studentar med minoritetsbakgrunn generelt, noko som påverkar haldningar, vurdering og samarbeidsklima. Dessutan kan det sjølvsagt øydelegge sjølvtilliten hjå dei det gjeld.  

Inkluderande språk

I undervisning og rettleiing må ein ta omsyn til det språklege mangfaldet blant studentane. Språk handlar ikkje berre om å forstå og bli forstått. Språkbruk kan forsterke dominansen frå ein majoritet, og dermed undertrykke og diskriminere enkeltpersonar eller grupper med andre kjenneteikn. Difor bør ein vera merksam på omgrepa ein nyttar, og det hjelper ikkje om ein ikkje meiner å ekskludere.

Like viktig er det å uttrykke seg klårt, å forklåre i staden for å ta ting som sjølvsagte, å lytte og bli medviten om det ein trur er innforstått. Språk handlar om kommunikasjon, men kommunikasjon handlar ikkje berre om språk. Med tonefall, kroppsspråk og åtferd uttrykkjer ein ofte meir enn med ord. Ein samansett studentmasse er ein god læringsarena for interkulturell kommunikasjon, dersom ein går inn for det.

Det gjeld å opne for studentar som kan bidra med andre erfaringar og kunnskap enn majoriteten. Dette kan utvide horisonten for alle. Dei treng kan hende hjelp til å setja ord på det dei har med seg,  og samstundes finna ut om det er relevant for faget eller yrket dei utdannar seg i. Slik kan også innhaldet i dei faglege omgrepa utvidast og bidra til mangfaldet i det norske språket.   

Høgare utdanning
Det er forska mykje på norsk som andrespråk, men det meste både av forsking og debatt dreier seg om utfordringar i skolen og i vaksenopplæring. Fleirspråklegheit som ein ressurs ein bør utnytte har vore lite påakta. Utdanningsinstitusjonane har vore seine til å ta tak i utfordringar med språkmangfaldet blant egne studentar og tilsette, og dei krava til språkkompetanse studentane vil møte i arbeidslivet.  Dette blir og etterlyst i rapporten til  Østbergutvalet om ’Mangfold og mestring’ ( NOU 2010:7 ).

Ressurs eller problem?
Ser vi ikkje potensialet i språkressursane til minoritetsungdom? Blir språkkunnskapar utanom engelsk berre oppfatta som ei hindring for å lære norsk? Har ikkje arbeidslivet bruk for språkleg og fleirkulturell kompetanse? Dette spørsmålet tok lektor Anne Fogt ved journalistutdanninga, Høgskolen i Oslo, opp i ein kronikk i Utrop (04.10.06). Ho viste til intervju med studentar og journalistar med minoritetsbakgrunn, frå eit forskningsprosjekt om blant anna korleis minoritetsungdom brukar medier. Fogt meiner ein bør oppmuntre folk med minoritetsbakgrunn til å halde fast ved morsmålet sitt, for vi har bruk for språkmektige tilflyttarar med kompetanse innanfor språk som etnisk norske innbyggjarar til vanleg ikkje kan.  Østbergutvalet har foreslått at store minoritetsspråk bør bli språkfag i skulen.

Vidareutdanning

Kunnskapsdepartementet har tildelt Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Oslo midlar til å setja i gang vidareutdanning i fleirspråkleg utvikling hjå barn i førskolealder (30 stp). Målgruppa er førskolelærarar / pedagogar som har delteke i ulike kompetansetiltak på områda fleirkulturell pedagogikk og / eller språkutvikling og språkstimulering. Ved dette vidareutdanningstilbodet kan dei utvikle spisskompetanse på tospråkleg utvikling og språkstimulering for to-/fleirspråklege førskolebarn.
 
Les også:
– Kristeva, J. og E. Engebretsen. 2010. Annerledeshet og språkpolitikk. Oslo: Gyldendal