Ytringer er også handlinger

Kritikken eg no har retta mot konservative Aftenposten kunne også ha vorte retta mot til dømes venstresidas Klassekampen, som gjentatte gonger slepp til Hege Storhaug og andre distributørar av rasistiske konspirasjonsteoriar, skrivar Axel Fjeld.
Foto: Terry Ganeshalingam
Omsynet til minoriteters ytringsfridom og til deira rett til å leve i tryggleik frå rasisme og valdelege angrep trumfar einkvar rett nordmenn innbiller seg å ha til å hetse og truge dei.
Axel Fjeld, spaltist
Latest posts by Axel Fjeld, spaltist (see all)

Blant tilbakemeldingane eg fekk etter førre tekst, Rasisme, normalisering og media, var det sjølvsagt ein del som gjekk på dette med ytringsfridom. Det er eigentleg som forventa, av di ytringsfridom har vorte kronargumentet til samtidas fascistiske rørsler, men det er også eit viktig tema som eg ikkje dekka i den fyrste teksten. Eg freister heller å seie noko om det her.

Somme reagerte på at eg utfordra media til å la vere å ta inn innlegg prega av rasistisk og fascistisk tankegods. For dei var det tydeleg at eg er ein fiende av ytringsfridomen. Her må eg understreke at eg ikkje skreiv anna enn at media bør behandle rasistiske bodskap på same måte som dei behandlar innspel frå The Flat Earth Society. Det er ingen i media som ville nytta spalteplass på å la nokon legge ut om kvifor jorda er flat, av di det er nonsens. Difor kjem ikkje slike folk til i media, og det er bra, for vi har ikkje tid til å halde på med tull. Rasistiske bodskap er ikkje noko meir vitskapeleg begrunna enn trua på eit flat jord, og lyt difor behandlast på same måte. Kan vi innskrenke ytringsfridomen til dei som trur på ei flat jord, kan vi gjere det for dei som spreier rasisme i tillegg. Så kan dei som brenn for ytringsfridom for fascistar også engasjere seg for ytringsfridomen til The Flat Earth Society, om dei verkeleg meiner det er så viktig.

Det neste poenget er openbart, nemleg at ytringsfridom ikkje handlar om at ein har krav på å kome til i avisa. Ytringsfridom handlar om at ein skal kunne kome med politiske ytringar utan å verte straffeforfulgt av myndigheitene, i følge grunnlovas §100 om ytringsfridom. Du har ikkje fått ytringsfridomen din innskrenka berre av di ingen vil trykke kronikken din om korleis muslimar invaderer Europa og vil øydelegge “vestleg kultur”. Du har berre vorte refusert på bakgrunn av kvalitative vurderingar.

Ytringar har reell betydning i verda. Orda vi nyttar formar korleis vi tenker, og påverkar korleis vi talar og handlar.

Det siste der er eit hypotetisk døme. I dagens media-Noreg vil du sjølvsagt få ein slik tekst på trykk, uansett kor dårleg makkverket ditt er, noko dette er eit ferskt døme på:

Elektroniske utgava av Lister24.
Foto : Faksimile

Legitime innskrenkningar av ytringsfridomen

Neste spørsmål er om det nokon gong er legitimt å innskrenke ytringsfridomen, altså om det er nokre ytringar som bør verte straffeforfulgt av staten. I norsk lovgivning har den såkalla “rasismeparagrafen” lenge gitt grunnlag for nettopp dette, i det at hatytringar vil kunne straffast med bøter og fengsel. Faktisk har denne vorte stramma inn i seinare tid, som Sindre Bangstad skriv, etter at FN si rasediskriminerings-komite kom på besøk i etterkant av Sjølie-saka og fortalte oss at vårt lovverk mot rasisme ikkje var strengt nok. Dette satte i gong eit større rettsvitskapleg arbeid som munna ut i den nye straffelovas §185. Denne har i åra etter ført til fleire domfellingar. Den såkalla “nazifrisøren frå Jæren”, Merete Hodne, dømt for å ha brote på likestilling- og diskrimineringsloven §6.

Mange påklagar dette med henvisning til grunnlovas §100 og meiner at straffelovas §185 bryt med denne. Dette er ei utbredt misforståing, men faktum er at ordlyden i §100, andre avsnitt, opnar for nettopp den type innskrenkningar som §185 gjer:

“Frimodige ytringer om statsstyret og hvilken som helst annen gjenstand er tillatt for enhver. Det kan bare settes klart definerte grenser for denne rett der særlig tungtveiende hensyn gjør det forsvarlig holdt opp imot ytringsfrihetens begrunnelser.”

Her vil eg berre anta at dei fleste er einige i at å stogge fremveksten av fascistiske organisasjonar utgjer eit særleg tungtveiande omsyn.

FNs forståing av ytringsfridom

Dette er likevel interessant av di ytringsfridomen som vi veit er mellom anna grunna i FNs menneskerettigheitserklæring, men her fekk Noreg tilsnakk frå FN for at vi ikkje hadde innskrenka ytringsfridomen tilstrekkeleg. Kva har skjedd? For å få orden på dette her, kan vi sjå på kva som faktisk står i denne erklæringa.

Her står det riktignok noko om ytringsfridom, diverre på bokmål:

Artikkel 19.

Enhver har rett til menings- og ytringsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å hevde meninger uten innblanding og til å søke, motta og meddele opplysninger og ideer gjennom ethvert meddelelsesmiddel og uten hensyn til landegrenser.

Her er ytringsfridomen formulert på ei måte som vi kunne forvente. Det fins likevel fleire artiklar som er interessante:

Artikkel 3.

Enhver har rett til liv, frihet og personlig sikkerhet.

Artikkel 30.

Intet i denne erklæring skal tolkes slik at det gir noen stat, gruppe eller person rett til å ta del i noen virksomhet eller foreta noen handling som tar sikte på å ødelegge noen av de rettigheter og friheter som er nevnt i Erklæringen.

Som de les, er det altså visse spenningar innad i erklæringa. Ja, ein har ytringsfridom til å hevde meiningar utan innblanding, og ein har også rett til liv, fridom og personleg sikkerheit. Imidlertid er det slik, som filosof Lene Auestad skriv i boka Respect, Plurality and Prejudice, at ytringsfridomen ikkje kan tolkast slik at den står over retten til å leve i fridom og sikkerheit. Dette står i kontrast til det fleire norske debattantar og såkalla “ytringsfridomsfundamentalistar” har hevda, til dømes har Georg Fredrik Rieber Mohn (dokumentert her) og Aftenpostens Knut Olav Åmås meint at ytringsfridomen har ein eller anna form for særeigen stilling i forhald til andre menneskerettigheitar.

Vidare kan vi lese kva erklæringa slår fast om retten til å leve i eit samfunn utan diskriminering:

Artikkel 2.

Enhver har krav på alle de rettigheter og friheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse eiendom, fødsel eller annet forhold.

Det skal heller ikke gjøres noen forskjell på grunn av den politiske, rettslige eller internasjonale stilling som innehas av det land eller det område en person hører til, enten landet er uavhengig, står under tilsyn, er ikke-selvstyrende, eller på annen måte har begrenset suverenitet.

Artikkel 8.

Enhver har rett til effektiv hjelp av de kompetente nasjonale domstoler mot handlinger som krenker de grunnleggende rettigheter han er gitt i forfatning eller lov.

Desse artiklane slår fast at einkvar har krav på alle menneskerettigheiter utan å verte diskriminerte mot, og at nasjonale myndigheiter har plikt til å beskytte kvar enkelt mot handlingar som krenkar desse rettigheitane. I klartekst tyder dette at norske myndigheiter pliktar å handheve lovverket mot rasisme skikkeleg, altså i langt større grad enn i dag.

Koplinga mellom hatytringar og vald

Ok, men kva har slike handlingar og krenkingar med ytringsfridom å gjere? Som eg påpeikte i førre tekst, så har ein artikkel fra Universitetet i Warsawa vist at ytringar bidra til at rasismen i samfunnet aukar,  og ein tysk studie viste ikkje berre ein sterk korrelasjon mellom postar Alternative für Deutschland la ut på sosiale medier og valdelege angrep mot asylsøkarar, men også reell kausalitet. Dette er heller ikkje noko nytt i forsking på folkemord og fascisme. Frå Rwanda kjenner vi kva rolle radioen spilte i å legge forholda tilrette for folkemordet på tutsiane.

Ytringar har reell betydning i verda. Orda vi nyttar formar korleis vi tenker, og påverkar korleis vi talar og handlar. Ytringar er også handlingar: Når eg talar i verda, utfører eg ein handling, noko mellom andre språkfilosof John Austin har skrive om i boka “How to do things with words”.  Austin påpeiker at når ein person utfører ei talehandling så seier hen noko som “ofte, jamvel normalt, vil produsere visse konsekvensielle effekter på kjenslane, tankane og handlingane til publikum, til talaren sjølve eller til andre personar” (Austin, s. 101, mi omsetting). Ytringar som kjem frå rasistiske og nazistiske organisasjonar er ikkje berre ord, det er forsøk på å legge forholda tilrette for fascistisk vald og på å rekruttere til framtidige valdshandlingar.

Eit døme på dette er nynazistane i Den Nordiske Motstandsrørsla, som har “knus homolobbyen” som parole. Dette er ikkje berre ein måte å mobbe LHBTQIA-folk på, det er eit slagord i ordets rette forstand. Parola må settast i samanheng med at personar med tilknytning til nazistiske miljø står bak valdelege angrep og drap på skeive menneske. Denne typen ytringar har ei tilskyndande funksjon fram mot dei valdelege angrepa som vil kome.

Dette er grunnen til at FN har tatt forskinga og dei historiske erfaringane på alvor og krevd at Noreg strammar inn lovverket, slik at myndigheitene har dei verktøya dei treng for å straffeforfølge fascistiske ytringar. Dette er også grunnen til at det er på tide å kreve at norske myndigheiter byrjar å handheve lovverket i mykje større grad. Det er og behov for at ein kursar politibetjentar, slik at dei som er ute i feltet får meir kunnskap til  i korleis ein skal handtere rasisme og kvar anmeldelsen skal registrerast. I følge Sindre Bangstad (2014, s.178) innrømde politiet sjølve i ein rapport om hatytringar at manglande kunnskap om denne kategorien av lovbrot sannsynlegvis gjorde at mange slike tilfelle aldri vart registrert.

Så langt skulle det vere klart at ytringsfridom slik den forstås i dei fleste vestlege land ikkje gjev vern til rasistiske ytringar. Unntaket er USA, og det er viktig å gå inn på sdette av di at sidan nordamerikansk populærkultur er så dominarande i Noreg, Europa og verda elles, så er det ofte ein amerikansk forståing som vert gjeldande blant folk flest. På Wikipedia kan ein lese at det fyrste grunnlovstillegget gjev omfattande rom for nazistiske, rasistiske og antisemitiske ytringar. Lawyers.com slår fast at hatytringar er verna av grunnloven, og at det er berre ytringar som er direkte, personlege og anten “verkeleg truande” eller “valdsomt provokative” som er rekna som straffbare. Høgsterett i USA har ikkje gjort noko tilsvarande unntak for hatytringar.

Det vi har sett i denne teksten er jo at nazistiske ytringar i realiteten er verkeleg truande. Koplinga mellom hatytringar og vald er godt belagt i ei lang rekke forsking, men det verkar ikkje som om nordamerikansk høgsterett har tatt innover seg dette. Det er nemleg eit faktum at nordamerikanarar tilknytta slike organisasjonar står bak minst 68 drap sidan 2001, til dømes vart ein skeiv person knivstukken 20 gongar av eit medlem av Atomwaffen Division i januar i år. Det skulle vere tydeleg at høgsterett i USA lyt ta ei ny vurdering, men eg held ikkje pusten.

Ytringsfridom for alle

Eit siste spørsmål: Kva med ytringsfridomen til dei som vert trua til tausheit av fascistiske truslar og vald? Sindre Bangstad har dokumentert det triste faktum at mange unge og gryande samfunnsdebattantar med muslimsk bakgrunn trekk seg ut av det offentlege ordskiftet som følge av truslar og hets. Eit kjent og klart døme på dette er Sumaya Jirde Ali, som mottok omfattande mengder med rasistisk hets og trugsmål i vår og måtte trekke seg frå 8.mars-markeringa i Bergen av omsyn til helsa. Oppmuntra av massiv støtte stilte ho opp likevel, trass i alle trugsmål og trass i at det vart observert nynazistar ved markeringa. I ettertid har ho likevel haldt ein lav profil. Vona er at ho kjem attende, men i skrivande stund er ho berre eit av fleire døme på at å være liberal og ettergjvande for samtidsfascismen i ytringsfridomens namn fører til innskrenka ytringsfridom for minoriteter, noko Ali sjølv skreiv om i Klassekampen 8. mars.

Det skulle vere klart etter denne gjennomgangen at det ikkje er noko grunn til å tru at ytringsfridomen gjev beskyttelse til hatytringar, av di slike ytringar legg forhalda til rette for valdelege angrep, og av di dei innskrenkar ytringsfridommen til minoritetsstemmer. Omsynet til minoriteters ytringsfridom og til deira rett til å leve i tryggleik frå rasisme og valdelege angrep trumfar einkvar rett nordmenn innbiller seg å ha til å framstille dei som ein eksistensiell trussel.

Det er trist at dette siste no har vorte ein kontroversiell påstand.