Jo mer hatytringer slipper til i offentligheten, dessto mer normaliseres de, poengterer Axel Fjeld i dette innlegget.
Foto: Terry Ganeshalingam

Arendalsuka ynskjer pådrivarar for etnisk rensing velkomen inn i varmen

Eit NRK-intervju med Øystein Djupedal er symptomatisk på den djupe kunnskapslausa om rasisme og hatytringar som pregar det offentlege ordskiftet.

Utrop nr. 31/2018 (16.08.2018)

Alle er velkommen til det politiske dansegolvet på Arendalsuka, seier leiar for programkomitéen Øystein Djupedal. Sjølv om dei agiterer for etnisk rensing.

I eit intervju med NRK P2 sendt mandag 13.08 kl 15:40, fekk Djupedal, som er tidlegare statsråd for SV og har seinare meldt overgang til Arbeiderpartiet, spørsmål om kritikken som har kome etter at det vart kjend at Arendalsuka har tillatt at islamhatarne i Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN) og nyfascistane i Alliansen får delta med eigne bodar på det vekelange politiske arrangementet. Han svarte fylgande:

"Vi tror jo at trollet sprekker hvis det kommer i dagslys, så vi har sagt ja til Alliansen og vi har sagt ja til SIAN, som begge er rasistiske organisasjoner, som sprer utrygghet. Men samtidig er det sånn at et demokrati er et dansegulv, det har også plass til stemmer vi ikke liker. Og det betyr at vi har god trygghet rundt dette, politiet og alle jobber veldig for at vi skal ha en trygg Arendalsuke. Men samtidig er det også sånn at de stemmene må få lov til å komme frem. Vi tror ikke at det tjener demokratiet at man undertrykker dette".

Dette er sjølvsagt stoff vi kjenner frå tida etter 22/7, då vi skulle ta debatten og bringe trolla ut i lyset. Som dei fleste har fått med seg, har ikkje dette fungert spesielt bra. I dag er ytre høgre sterkare enn på lenge. Dette skuldast mellom anna at strategien vi valde den gongen visar seg å vere kontraproduktiv. I min artikkel Rasisme, normalisering og media viste eg til forsking frå Universitetet i Warszawa som syner at jo meir hatytringar ein slepp til i offentlegheita, desto meir fordommar vert det blant folk, av di folk vert desensitiverte og dei hatefulle tankane vert normaliserte og internaliserte. Jo meir rasisme ein slepp til i samfunnet, desto meir rasisme får vi. Denne forskinga går heilt på tvers av den liberale skravleklassas antakingar, men den forklarar godt kvifor ytre høgre har vorte sterkare og ikkje svakare sidan 2011. “Trollet” sprekk ikkje i dagslys. Banalt sagt, så er det jo ikkje troll det er snakk om, men menneske, og når menneske kjem ut i sola så vert vi solbrune og attraktive.

Eit anna poeng er at Djupedal snakkar om å sleppe til røyster vi ikkje liker, men her lyt vi realitetsorientere oss: Dette handlar ikkje om Olga Marie eller andre røyster vi ikkje liker, dette handlar om organisasjonar som spreier rasisme. Dei som agiterar for at folk som er mørkhuda/muslimar/romfolk/jødar/etc er mindre verdt enn vanlege kvite nordmenn, eller på anna måte negativt underordna oss, er ikkje “røyster vi ikkje likar”, det er røyster som skal nedkjempast med nebb og klør. Såpass skuldar vi våre medmenneske.

For dette er ikkje berre ytringar: rasistiske og fascistiske miljø står bak eit hundretals valdelege angrep i Skandinavia dei siste 40 åra, deriblant eit tredvetals drap, 22/7 ikkje medrekna. Det er ikkje meir enn nokre dagar sidan NRK kunne melde at ein svensk nynazist var tiltalt for å ha planlagt drap på to journalistar. Som eg påpeikte i artikkelen Ytringsfridom, hatytringar og vald, er det tette band mellom hatytringar og valdshandlingar, og det er ei av årsakane til at ytringsfridomen, slik den står i FNs erklæring om menneskerettigheiter, ikkje gjev noko vern til hatytringar, og difor var det at FNs rasediskrimineringskomité fekk stortinget til å innstramme ytringsfridomen i Noreg gjennom straffelovas §165, også kjend som “rasismeparagrafen”.

Et tredje poeng er at Faktum er at dette ikkje “berre” er rasistiske organisasjonar. Både Alliansen og SIAN tar faktisk til orde for etnisk rensing, eller “repatriering” som det heiter i dag.

I fagmiljøa er det ein kjent sak at ytre høgre ofte omprofilerer seg slik at dei verkar tiltalande, noko mellom andre forskaren Sindre Bangstad har skrive om. Difor slutta dei fleste for mange tiår sidan å snakke om “rase” og byrja å snakke om “kultur”. Dei snakkar ikkje lenger om “pakistanarar”, no handlar det om “muslimar”, sjølv om det framleis går ut på å demonisere ei folkegruppe beståande av stort sett mørkhuda menneske. Retorikk er viktig for desse miljøa når dei skal nå ut til fleire og skaffe nye fylgarar, og difor passar dei veldig på kva ord dei nyttar.

På same måte er det ingen på ytre høgre som ville brukt orda “etnisk rensing” for å beskrive sine mål. I staden nyttar dei “repatriering”. Det handlar like fullt om å tvangsflytte alle – eller for SIAN, “berre” dei fleste – ikkje-vestlege innvandrarar ut av Europa. Det handlar om å opprette raseskiller.

Nazistane i Den Nordiske Mostandsrørsla (DNM) fekk riktignok avslag frå Arendalsveka, og godt er det. Det spørs likevel kor mykje det hjelp, all den tid DNM har eit betydeleg medlemsoverlapp med Alliansen, som altså får delta. Den siste tida har ein sett at DNM, Alliansen og SIAN samarbeidar stadig tettare. Ei ytre høgreside som organiserer seg på tvers av tidlegare skillelinjer er noko nytt i norsk samanheng. Det skulle no vere klart for dei fleste at dette ikkje er noko å spøke med. Skal ein verkeleg ta dette inn i landets største politiske arena?

På Arendalsuka legg vi opp til dei store, nasjonale debattane, seier Djupedal til NRK. Han bør svare på kvifor etnisk rensing skal vere ein del av desse debattane. Han bør også svare på kvifor minoriteter skal måtte finne seg i at organisasjonar som fremjar deira utrenskning frå Noreg vert invitert inn det gode selskap, får sole seg i glansen av eit samla politisk landskap og dermed vert legitimerte.

Det er grunn til å tru at om The Flat Earth Society hadde søkt om å få delta, hadde dei fått nei. Kvifor skal det vere annleis med organisasjonar som spreier rasisme? Kvifor er rasisme viktigare å inkludere i offentlegheita enn trua på ei flat jord? Kvifor skal antidemokratiske organisasjonar inkluderast i demokratiske arenaer?

Djupedal er glad i å fremstille Arendalsuka som eit dansegolv. Alle som har vore på dans vil kunne fortelle han at det er vanleg å ha vaktar for å syte for at dei som berre er der for å lage bråk ikkje kjem inn. Arrangørane av Arendalsuka bør reflektere nøye over om dei ikkje har for slapt vakthald.

Opprinnelig publisert i Fjelds blogg. Republisert på utrop.no etter avtale.