Flere begeistrede fans og engasjerte norsk-pakistanere deltok på sentrum scene for å vise solidaritet og for å høre på pakistans nye stemme og håp Imran Khan.
Foto: Uzma Rana
Eg trur det er betre å argumentere mot dei ein er ueinig med, i staden for å tie dei i hel, skriv Marit Hole Tynnøl Lesja i dette innlegget.
Marit Hole Tynnøl Lesja
Latest posts by Marit Hole Tynnøl Lesja (see all)

For nokre veker sidan, stod Muhammed Qasim Ali fram i Klassekampen og sa at ein måtte unngå å skrive ting som kunne såre eller krenke muslimar. Ordet no-platforming var kanskje brukt, sidan Sumaya Jirde Ali skreiv om dette i Morgenbladet for ca ein månad sidan, da ho kritiserte at Resett vart invitert til ein debatt i Arendal. Ordet no-platforming er no oversett til scenenekt på norsk. Med det meinest at ein unngår å gi dei ein er ueinig med ein talarstol eller ei scene, dersom ein synest eller trur meiningane deira er for ekstreme.

Eg er heilt ueinig i at ein kan ta opp kontroversielle temaer utan å såre eller krenke nokon. Men ein må spørje seg kva målet er, om det helliger middelet. Mange vart krenka av “Et dukkehjem” i sin tid. Mange vart krenka da Sara Uzmah Rasmussen brende ein hijab. Men korkje Ibsen eller Sara gjorde dette primært for å krenke eller såre, men for å sette fingeren på noko viktig.

Eg trur det er betre å argumentere mot dei ein er ueinig med, i staden for å tie dei i hel. Å unngå dialog vil ikkje føre noko godt med seg. Dersom vi står på kvar vår plass med ein megafon og seier kva vi meiner til all verda, men ingen lyttar, kjem vi ingen veg. I staden for å berre putte Resett og alle andre innvandringsskeptiske i ein bås og seie at dei er onde eller ekstreme, må vi vera saklege. Vi må peike konkret på kva dei seier eller skriv som vi meiner er feil og uakseptabelt.

Vi må heller ikkje tru at det berre er innvandrarar som blir såra og krenka. Kva med når Kari Jaquesson blir hetsa for å kritisere NRK for bruk av porno? Kva når Sandra Borck kjem med sine kontroversielle saker om rovdyr eller pelsdyroppdrett, og får vete at ho er eit misfoster og bør sterillisere seg? Kva når ein fortvila bonde står fram etter at ulven har herja i saueflokken, og får masse truslar og hets (i staden for medkjensle), fordi ho «er med på å utrydde ulven», i følgje ein del rovdyr-tilhengarar. Hetsen rammar mange. Og av ukjente årsaker blir særleg kvinner hetsa.

Den offentlege debatten er stygg for nokon kvar, når det kjem til saker som vekker kjensler. Det er likevel viktig at ikkje innvandrarar (eller kvinner) går inn i ei kronisk offerrolle, men tek den konkrete saka der og da. Ser de noko uakseptabelt som Resett eller andre nettaviser skriv eller tillet i kommentarfeltet: Send redaktøren ei melding med det same!

Med von om ein enda betre, opnare og modigare debatt i framtida.