Axel Fjeld reagerte då Masud Gharahkhani, i flyktningdebatten, ytra seg om «norske verdiar». Gharahkhani svarte at partiets nye strategi er human. No svarar Fjeld: «Problemet er at Gharahkhani legg skulda på innvandrarar når skulda ligg på storkapitalen»

Masud Gharahkhani (25. oktober) verkar oppgitt over at eg er så tydeleg som eg er i mine påpeikingar (21. oktober) av hans problematiske retorikk samt realpolitiske forslag. Vi må likevel snakke om problematiske aspekt ved vår eigen politikk og argumentasjon, og då må det gjerne klar tale til, og klar tale er ikkje i seg sjølv usakleg.

Gharahkhani skulder på innvandrarar
Kamerat Gharahkhani etterlyser den fruktbare debatten. Det rimar dårleg med at han let som om eg ikkje dokumenterer at han set innvandrarar og arbeidslause opp mot kvarandre, for som alle kan sjå har eg lenka til eit intervju han har gjort med Aftenposten, der han gjer nettopp dette. Det same gjentar han i eit sitat han legg ved i sitt svar. For å fremje den fruktbare debatten skal eg pakke opp det problematiske ved desse utsegna.

Problemet er ikkje at Gharahkani anerkjenner at vanlege arbeidsfolk får utfordringar, til dømes knytt til låglønskonkurranse og levekårsutfordringar. Problemet er at Gharahkhani i tråd med ein lang og vond politisk tradisjon legg skulda på innvandrarar og ikkje på storkapitalen. Om vi skal vere Arbeiderpartiet så er det heilt naudsynt at vi rettar skytset dit det høyrer heime: hjå sjefane.

Skal det å støtte opp om inhumane system vere det som passerer for solidarisk flyktningpolitikk frå Arbeiderpartiet i 2018?

Det solidaritet krev av oss
Det er sjefane som legg opp til og tener på at framandarbeidarar aksepterer dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn kva nordmenn flest gjer. Det er sjefane som bur i norske byars flottare strøk og jobbar politisk for å unngå at det flyttar inn flyktningar i nabolaget. Det er dei som difor syt for at flyktningmottak og kommunale bustadar vert plassert i dei tradisjonelle arbeidarstrøka, som allereie slit med sosiale problem som arbeidslause, rusproblem, familievald og kriminalitet. Det er sjefane som har jobba politisk for at bustadmarknaden skal regulerast minst mogleg, slik at prisane i deira nabolag er atterhaldt dei rikaste, medan dei einaste bustadane mange innvandrarar har råd til er i dei same belasta arbeidarstrøka. Det er sjefanes ulike parti som jobbar politisk for å bygge ned sosiale tiltak i dei same strøka, og som ynskjer å framstille alt dette som om det er minoritetanes feil at dei einaste som tilbyr samhald og tilhørigheit er den lokale gjengen eller den lokale imamen. Sjefanes parti jobbar for at nordmenn skal tru at folk kjem til Noreg berre for å opprette parallellsamfunn. Vi i Arbeiderpartiet lyt unnlate å gjere den jobben for dei. Det er det solidaritet krev av oss.

Det er ikkje vanskeleg å dele uvilje og motstand mot reaksjonær konservativisme både med og utan religiøs innpakning, men vi lyt ha ei viss presisjon når vi tar opp dette. Eg er einig i at patriarkalsk undertrykking er eit problem i mange religiøse miljø, noko til dømes Levande Ord og andre frimeinigheiter er lite omtalte dømer på, men om vi skal diskutere forholdet mellom patriarkalsk undertrykking og religion i minoritetsmiljø, er vi nøydd til å basere oss på kunnskap om omfanget. Gharahkhani kjem ikkje med nokre tal på kor utbredt dette er, men resirkulerer berre dei same trøtte påstandane om at det er «svært utbredt». Vi lyt spørje kvifor det er så mange progressive minoritetspersonar som er ueinig i Gharahkhanis problemskildring, om det er så openbart?

Ikkje alle i AP er samde om Gharahkhanis linje
No har eg strengt tatt ikkje skulda Gharahkhani for å føre inhuman politikk, mest av di hans politikk ikkje har vorte vedtatt realitet enda. Det eg har påpeikt er at preik om «norske verdiar» tradisjonelt har vore ein måte å appellere til kollektiv narsissisme for å skape oppslutning om inhuman politikk. Når det gjeld «migrasjonsutvalet» si innstilling, så har jo dette fått omfattande kritikk. Ein kan byrje ved å vise til Maren Sæbøs kritikk som vart publisert i Bistandsnytt. Ho påpeiker at desse fem milliardane, som utvalet skryt av, ikkje er nye pengar, men pengar som tas frå tiltak i Noreg. Det er ikkje friske midlar, men ein binding av allereie tildelte midlar. Gharahkhani visar til samtalar og debatt han og utvalet har hatt med lokallag landet rundt, men det er jo eit faktum at til dømes representantskapet i Arbeiderpartiet i Bergen har gått inn for ei vesentleg ulik og meir solidarisk innstilling enn den utvalet har lagt fram, og eg veit det finns fleire lokallag som tenker å gjere det same.

Arven frå 2018?
Elles er det til dømes vanskeleg å få dei innstrammingane som utvalet går inn for å stemme overeins med verdiar som solidaritet og samhald. Eit problem er at utvalet ynskjer å styrke Dublin-avtalens prinsipp om at asylsøkarar skal få opphald i det fyrste “trygge” landet dei kjem til. Dette medfører auka belastning på land som Italia og Hellas, som allereie tar ein enorm del av jobben. Dette er land som vert vurdert som trygge, til tross for at dei i røynda er langt frå trygge for asylsøkarar og innvandrarar. I båe land er det fascistiske rørsler av betydeleg storleik som gjer gatene utrygge gjennom gjentatte valdelege angrep på innvandrarar. I Italia er fascistane i Lega Nord jamvel gått inn i regjering. Elles har EU for lengst etablert ein praksis der dei sender flyktningar og asylsøkarar til interneringsleirar i Libya, der det er ein ikkje ubetydeleg risiko for at de kan verte selde som slavar.

Spørsmålet som mange medlemmer i AP no stiller seg er følgande: Skal det å støtte opp om slike openbart feilslåtte og inhumane system vere det som passerer for solidarisk flyktningpolitikk frå Arbeiderpartiet i 2018?