Me er eit av verdas rikaste land. Me er eit av verdas mest stabile land. Og her har me altså ein sentral regjeringspolitikar som oppmodar kommunar til å gjera det vanskeleg for Stortinget å ta imot 8000 flyktningar, skriv Øyvind Strømmen i dette innlegget.
Foto: Henrik Beckheim
Debatt

Eg er lei

Det er sjølvsagt ikkje til å undra seg over at leiaren i Framstegspartiet – finansminister eller ikkje – oppmodar kommunane til å boikotta eit stortingsvedtak regjeringa sjølv forpliktar å gjennomføra. Det var vel å venta.

Utrop nr. 31/2015 (20.08.2015)

Men det er ein del retorikk eg er grundig lei av. Eit døme er historia om at me heller burde hjelpa folk i nærområda. Heller. Fordi det er billegare. Og joda, det er flott å hjelpa folk i nærområde, det er millionar av syriske flyktningar i nabolanda no, og millionar til er på flukt inne i Syria. Syria-krigen, som no har vart omlag like lenge som fyrste verdskrigen, og som har skapt ei gigantisk flyktningkrise, gjer ganske riktig til at me burde bruka meir pengar og meir ressursar på hjelp i nærområda. Libanon – som verken er verdas rikaste eller verdas mest stabile land, og som er eit mindre land enn Noreg – har teke imot godt over ein million. FNs høgkommisjonær for flyktningar seier at dette gjev stadig større utfordringar, økonomisk og politisk, og dei seier også at dei syriske flyktningane i landet er "i aukande grad sårbare".

Så, ja, lat oss hjelpa i nærområda.
Men det enkle og utvilsame faktum er at ikkje alle kan hjelpast der. FNs høgkommisjonær for flyktningar seier det. Humanitære organisasjonar seier der. Alle ber dei – innstendig – omverda om å ta ansvar, og om å ta imot menneske i ein sårbar situasjon.

Flaut
Kva med Noreg? Me er eit av verdas rikaste land. Me er eit av verdas mest stabile land. Og her har me altså ein sentral regjeringspolitikar som oppmodar kommunar til å gjera det vanskeleg for Stortinget å ta imot 8000 flyktningar. I løpet av tre år. Frp ynskjer tydelegvis at det skal bli eit tema i kommunevalkampen, dei satsar vel på å hanka attende nokre av røystene dei har mista fordi bompengane ikkje vart vekke og fordi mange ikkje merkar all verda til skattekutta deira, men heller opplever regjeringa sin politikk på baksida av medaljen.

Her skal me altså sitja i godstolane våre framfor TV-apparata og sjå på nasjonale politikarar som ikkje stiller til val, og på korleis dei krangler om korvidt me kan hjelpa nokre tusen menneske eller ikkje. Det er om mogleg endå flauare enn den introduserande videoen NRK valde å leggja på valdebatten. Samstundes sit vaksne folk på internett og snakkar skit.

Og nei, eg snakkar ikkje om bråkebøtter i kommentarfelta med stor kjærleik til utropsteikn og store bokstavar, eg snakkar om folk med gode utdanningar, fine jobbar, feite bankbøker og godt språk, og som sit på internett og syter over at det stortingsfleirtalet som faktisk vil ta litt ansvar eigentleg berre er "sinnelagsetikarar" og at dei tilhøyrer "moraleliten" – ein gjeng som trur at dei er betre og snillare enn folk flest.

"Moraleliten" er delvis eit slags synonym, trur eg, til den berykta "kultureliten".

Folk flest er skapelege
Jaha? Eg har visst vorte både journalist og forfattar, og har bokhyller som er altfor fulle, men om eg har vore på hagefest nokon gong, så er det stadig fordi eg har vore og grilla og tatt nokre pils saman med kompisar som jobbar med rusomsorg, i skulen, i industrien. Dei heldt meg på jorda, stort sett, sjølv om eg i blant skeier ut med framandord og les franske forfattarar med vanskelege namn. Difor kjenner eg meg ikkje nett som nokon del av kultureliten. Og moraleliten? Den er eg iallfall ikkje ein del av.

Men så er eg ikkje stortingspolitikar heller, eg er berre ein skarve lokalpolitikar i Miljøpartiet Dei Grøne, i ein liten vestlandskommune. Samd med stortingsfleirtalet er eg likevel, og eg trur og voner at Siv Jensen sitt boikottutspel vil mislukkast. Kvifor det? Jo, fordi folk flest er skapelege folk, som sjeldan sit i kommentarfelt på internett og gneldrar, men som er viljuge til å stilla opp og vera med på den dugnaden det er og vil vera å ta imot fleire flyktningar, og det er dei – uavhengig av politisk farge.

For jau, her ute i Kommune-Noreg er det haugar av folk som veit at det vil kosta pengar, og som er klår over at det krevst ein innsats, men som kjem til å gjera det likevel. Ikkje fordi dei er ein moralsk elite. Men fordi dei ikkje har gløymd at dei flyktningane me kjem til å ta imot er menneske, menneske som treng hjelp. Dette er folk som brettar opp ermene, gyv laus, og svarar som i forteljinga mange av oss nok fekk høyra på skulen. "Itte no knussel".

Slik kjenner eg folk flest. Og difor er eg for folk flest.

Innlegget ble opprinnelig publisert av Strømmen på sin egen Facebook-vegg. Republiseres i Utrop med forfatterens tillatelse.