Innlegg

«Din religion» kontra «vårt demokrati»

– Masud Gharahkhani antydar at mange innvandrarar ikkje respekterer demokrati og likestilling, og appellerer til nordmenns kollektive narsissisme, skriv Axel Fjeld.

Utrop nr. 42/2018 (01.11.2018)

Fra Aftenposten 13. oktober 2018.
Foto: Faksimile
Arbeiderpartiets innvandringspolitiske talsperson Masud Gharahkhani har vorte hyppig sitert på sosiale medier sist helg. Ikkje noko nytt i det, han har markert seg negativt over lengre tid, spesielt ved å sette innvandrarar og arbeidsfolk opp mot kvarandre. Denne gongen har eit bilete frå ei laurdagsavis gått rundt i ulike debattgrupper på Facebook, der Gharahkhani vert sitert på følgande: «Mener du at din religion og kultur er viktigere enn norske verdier som demokrati og likestilling, så må din Gud vike.» Om vi antar at han er korrekt sitert, er det berre i dette korte sitatet fleire problematiske ting som vi lyt pakke ut.

Usanne førestillingar
Det mest openbare er kanskje at sitatet nyttar antydingas kunst for å framstille det som om at det er mange, underforstått innvandrarar, som er ueinige i at demokrati og likestilling går fyrst. Det ligg implisitt i ytringa – for om det ikkje var eit viktig og stort problem, ville vel ikkje ein kjent og viktig politikar som Gharahkhani brukt tid på å prate om det? Det speler på førestillinga om at innvandrarar, og først og fremst muslimar, ikkje respekterer demokrati og likestilling, noko som sjølvsagt ikkje er sant i det heile. Dette bygger opp under ytre høgre sine rammefortellingar. 

Eit anna problem ved denne ytringa er dette med «norske verdier som demokrati og likestilling». Fyrst og fremst så er jo ikkje dette verdiar i seg sjølve. Demokrati er ein politisk styringsform, og likestilling er ein måte å organisere samfunnet. Medan dette kan hende er flisespikkeri, så er det eit viktigare aspekt å ta tak i her, nemleg dette med «norske verdiar». Mange har etter kvart byrja å verte skeptisk når politikarar viftar med «norske verdiar», og med god grunn, av di det stadig oftare nyttast som påskot for å føre inhuman politikk. Problemet stikk jamvel djupare enn som så.

Ikkje berre norsk ‘å være god’
Når ein hevdar at verdiar som vert sett på som positive, som til dømes rettferd eller mangfald eller fridom, er noko som er grunnleggande knytt til oss sjølve, går ein over i det narsissistiske. Den offentlege debatten kring dette med «norske verdiar» har strengt tatt kryssa grensa til det kollektivt narsissistiske for lenge sidan. «Det er typisk norsk å vere god», lyder eit av dei mange hovudlause døma på dette, ein påstand som fell på si eiga meiningsløyse i lys av dei mange historiene om korleis Noreg behandlar asylsøkarar og flyktningar, arbeidslause og trygda, framandarbeidarar og papirlause, pensjonistar og uføre.

Som filosof Lene Auestad skriv i boka «Respect, Plurality and Prejudice» er det noko grunnleggande narsissistisk i det å tilskrive ein verdi til det folk eller nasjon ein sjølv høyrer til. Ho tar utgangspunkt i det filosofen Gunnar Skirbekk skriv i boka «Norsk og Moderne» der Skirbekk freistar å konkretisere «norske verdiar» til å handle om tillit. Tillit er altså ein norsk verdi, i fylgje Skirbekk. Det stemmer for så vidt at norske og skandinaviske innbyggarar oppgjer ein høgare grad av tillit til staten og til andre innbyggarar enn kva dei gjer i andre land, og at dette skuldast det relativt gode samfunnet vart bygga av arbeidarrørsla og feminismen i førre hundreår. Det er likevel ikkje grunnlag for å gå frå å observere den samanhengen til å seie at tillit i seg sjølv er noko norsk.

Slike ytringar er sjølvelskande handlingar, og er uttrykk for ein narsissistisk impuls. Ved å knytte oss sjølv til det udiskutabelt gode, elskar vi oss sjølve. Det kan vere ein måte å veie opp for den massive skuldkjensla som samfunnet skapar i oss.  

Ille fatt med norsk offentligheit
Gharahkhani sine verbale sleivingar inngår i den same diskursen som Frp møysommeleg har bygd opp heilt sidan Carl I. Hagen las opp «Mustafa-brevet» i 1987, og som dei stadig har raffinert for at vi skal svelge det med hud og hår. Brevet var eit falskneri Hagen leste opp på eit valkampmøte for å skremme veljarane med ein muslimsk invasjon, noko som gav god uttelling i valet der FRP gjorde det historisk godt.

Ytringane som Gharahkhani kom med i helgas oppslag var kritikkverdige då dei kom frå Hagen og Siv Jensen, og dei er vel så kritikkverdige no når dei kjem frå representantar i mitt eige parti. Det heile er berre eit nytt symptom på kor ille det er fatt med norsk offentligheit generelt, og Arbeiderpartiet spesielt.