Nytt ombod mot diskriminering

Frå 1. januar 2006 vil eit felles handhevingsapparat ta seg av rollene både som lovhandhevar og pådrivar for likestilling og mot diskriminering, uavhengig av grunnlaget for diskrimineringa, foreslår Regjeringa.

Regjeringa fremmer samtidig forslag om ei ny lov mot etnisk og religiøs diskriminering.

Det nye apparatet tek opp i seg Likestillingsombodet, Likestillingssenteret og Klagenemnda for likestilling – og delar av oppgåvene til Senter mot etnisk diskriminering. Likestillings- og diskrimineringsombodet skal handheve lovfesta vern mot diskriminering.

Det nye fagleg uavhengige handhevingsapparatet skal setjast saman av to organ:


  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda


– Eit felles handhevings- og pådrivarapparat gir store fordelar i arbeidet for likestilling og mot diskriminering i samfunnet. Prinsipp og metodar i både diskrimineringsvernet og pådrivararbeidet har klare likskapstrekk, uavhengig av diskrimineringsgrunnlag. Derfor kan vi rekne med store faglege gevinstar ved å samle dette i ein felles struktur. Det blir meir synleg, gir større autoritet og det blir enklare for brukarane. Eit felles handhevingsapparat blir dessutan ein styrke ved diskriminering på fleire grunnlag samtidig, understrekar barne- og familieminister Laila Dåvøy.

– Den nye lova om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion o.a. blir ein viktig del av grunnlaget for arbeidet i det nye felles apparatet. Samstundes er det nye handhevingsapparatet nærmast ein føresetnad for at diskrimineringslova kan verke effektivt, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Forslaga om ei eiga ”lov om Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda”, og den nye lova mot etnisk og religiøs diskriminering, passerte statsråd fredag. I tillegg til likestillingslova er det tidlegare innført styrkt vern i arbeidsmiljølova mot diskriminering på grunnlag av alder, funksjonshemming og seksuell orientering. Bustadlovgivinga har også fått reglar mot diskriminering i bustadsektoren på grunnlag av mellom anna etnisitet og seksuell orientering. Til våren vil eit utval leggje fram forslag til rettsleg vern mot diskriminering av funksjonshemma og handheving av lovverket.

Det nye ombodet skal uttale seg om forhold er i strid med lovverket og skal kunne gjere hastevedtak. Ombodet skal også sjå til at norsk rett og forvaltningspraksis er i samsvar med plikter etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon. I forslaget er ombodet si pådrivarrolle for likestilling og likebehandling lovfest. Rolla omfattar påverknad av holdningar og åtferd, støtte- og rettleiingsfunksjonar og utvikling av kompetanse og kunnskap.

Den nye nemnda skal behandle klager over utsegner og hastevedtak frå ombodet i enkeltsaker. Vedtak i nemnda blir bindande, og nemnda kan dessutan påleggje tiltak for å bringe diskriminerande forhold til opphøyr. Nemnda kan i tillegg gi tvangsmulkt dersom pålegga ikkje blir følgde opp.