Mindreårige asylsøkjarar blir tekne godt hand om

0Shares
Latest posts by John-Ragnar Aaarset (H), politisk rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet (see all)

Eit internasjonalt forskingsprosjekt om asylsøknader frå einslege mindreårige er under oppstart: ”Seeking Asylum Alone”. Prosjektet vil samanlikne 10-12 land i Europa, Nord-Amerika og Stillehavsregionen. Føremålet er å sjå på korleis desse landa tek hand om barn som treng vern.

Noreg eitt av fire land som er vurdert

Som grunnlag for hovudprosjektet er det gjennomført eit pilotprosjekt som samanliknar handsaminga av asylsøknaden til desse barna i Noreg, Sverige, Tyskland og Austerrike. Føremålet har vore å gjere ei fyrste innhenting av data og få eit oversyn over aktuelle trendar og problem. Dei fire landa vart valde fordi alle har mange einslege mindreårige asylsøkjarar og har liknande asylsystem. Pilotprosjektet er støtta økonomisk av Kommunal- og regionaldepartementet og FNs Høgkommissariat for flyktningar.

Kvalitet på handsaming av asylsøknader i Noreg

Rapporten syner at einslege mindreårige som søkjer asyl i Noreg blir tekne godt hand om på fleire måtar. Undersøkinga konkluderer med at rutinar og regelverk for handsaming av asylsøknader frå einslege mindreårige er nokså like i de fire landa. Kvaliteten blir vurdert til å variere både innafor og mellom dei fire landa. I Noreg er det god kunnskap og medvit om handsaminga av barn, og ofte god kvalitet på vedtaka.

Eg er glad for at rapporten stadfester at grunnlaget for asylvurderinga er god og at vedtaka er gode. Det er òg gledeleg at undersøkinga har funne mange gode døme på at vi etter kvart har større kunnskap om forfølging av barn.

Moglege skilnader i høve til kjønn ved innvilging av asyl
Rapporten syner òg at vi i Noreg gir asyl til fleire jenter enn gutar, sjølv om det er flest einslege mindreårige gutar som kjem til landet. Det kan vere eit signal om at det er ulik asylhandsaming i høve til kjønn, men dette må vi finne nærmare ut av. Vi har i Noreg vore svært opptekne av forfølging av kvinner og jenter dei siste åra. Det har vore viktig, men det kan òg vere noko av grunnen til denne skilnaden. Vi må difor vere meir medvitne framover om at gutar kan bli utsette for forfølging på bakgrunn av kjønn.

Behov for større innsats for å spore opp foreldre

Både i Noreg og Sverige blir det gitt opphald på humanitært grunnlag til barn dersom ein ikkje kan spore opp foreldre eller omsorgspersonar. I Noreg er det mange fleire som får opphald på dette grunnlaget enn i dei andre landa. Rapporten syner at det ikkje er noko systematisk tilnærming i nokon av dei fire landa til oppsporing og foreining med familien i heimlandet. Det blir gitt uttrykk for at det å gi så mange barn opphald på humanitært grunnlag – berre fordi ein ikkje klarer å spore opp foreldra eller andre omsorgspersonar i heimlandet – er problematisk. Det er ikkje sikkert at det er til beste for barnet, og det kan til og med forsterke fordommar om at barn har det betre i Noreg enn med foreldre eller slektningar i heimlandet.

Det er eit tungt og ressurskrevjande arbeid å spore opp foreldra til desse barna. Men barn har heilt klart eit stort behov for foreldra sine, og har det nesten alltid betre hos dei enn åleine i eit framandt land. Vi bør aldri tru at barn i utgangspunktet ønskjer å bli skilde frå foreldra sine og bu åleine i eit framandt land. For enkelte finst det ingen andre løysingar, og dei skal vi ta godt hand om. For dei som har høve til å kome saman med foreldra igjen, må vi gjere det vi kan for å få til det.