Mangfald er å bli invitert til festen, inkludering er å vere med å bestemme kven som skal få kome?

Mangfald er å bli invitert til festen, inkludering er å bli bydd opp til dans

Det er mykje å «vinne» på å inkludere mangfald i alle ledd, også i regjeringa, skriv Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim.

Publisert: 07.02.2019 05:08
Av Marte C.W. Solheim, PhD, Postdoktor, Handelshøgskolen, UiS

Den siste vekahar det vore mykje snakk om mangfald. Årsaka har vore den nye borgarlege fleirtalsregjeringa og kritikken har hagla. Avisartiklar med overskrifter som «raser mot regjeringa», «trønderopprøret» for å nemne nokre. Kritikk frå røyster som kritiserer at trøndarane er utelatne frå regjeringa, kritikk knytt til at det no vert ei regjering med manglande legitimitet i distrikta, og kritikk knytt til manglande fødelandsmangfaldfor å nemne noko.  

Ordspel som gir meining
Eit ordspelsom ofte vert nytta omkring mangfald, involvering og inkludering er: «Mangfald er å bli invitert til festen, inkludering er å bli bydd opp til dans». Som forskar som over fleire århar forska på koplinga mellom mangfald og innovasjon, så har eg sett dette ordspelet nytta ved fleire høve. Det er fengjande, og eg ser heilt klart den gode intensjonen med å ikkje berre fokusere på å rekruttere «mangfald», men også på at mangfaldet skal bli inkludert med uttalte roller og bidrag. Dette ordspelet har for meg samstundes noko passivt over det. Det er som om det berre er den eller dei som er inkludert/integrert som skal kunne by opp til dans. Det er sjølvsagt vanskeleg å få fram kompleksiteten kva mangfald og inkludering handlar om i eitt og same ordspel. Eg undrar meg likevel på om det ikkje hadde vore meir treffande om ordspelet hadde vore: «Mangfald er å bli invitert til festen, inkludering er å vere med å bestemme kven som skal få kome?»

Ei regjering ein kan identifisere seg med
Sett i lysav regjerings-samansetninga og kritikken om manglande mangfald, så kan det tenkast at det det som det heile handlar om, er eit menneskeleg behov for å bli «sett» og inkludert. Ein ønsker at «si gruppe» skal bli invitert med, slik at ein kjenner at «mine» verdiar og «mine» perspektiv er representerte i regjeringa som skal fatte viktige avgjersle i samband med «mitt» liv. Då vil ein at desse vala skal vere i tråd med verdiar som ein kjenner seg att i. Det er mange måtar å «måle» mangfald, eller vere mangfaldig på. La oss ta eit døme, med fødelandsmangfald. Det er eit tankekors at når tal frå Statistisk Sentralbyråsyner at over 17 prosent av den norske befolkninga er innvandrarar (inkludert norskfødde av innvandrarar), så ser ein ei ny fleirtalsregjering med manglande fødelandsmangfald. Sidan 2013, så har Erna Solberg utnemnt 35 statsrådar, men ikkje ein einaste har hatt innvandrarbakgrunn.Det er sjølvsagt mange-fassetert, men det handlar til sjuande og sist mykje om at ein ønsker å ha menneske i regjering som ein kan identifisere seg med, og som ein tenkjer at tek vare på dei verdiane som ein tykkjer er viktige, og som representerer befolkninga.

«Ikkje plass» til mangfaldet
Til NRK uttalte ErnaSolberg at ho tykte at det var leit at det var manglande mangfald.  Ho sa vidare at «Det å bli statsråd i en regjering inneberer at du både skal ha god politisk forankring, ha hatt store politiske verv og du skal kunne stå i Stortinget. «Vi har mange flinke talenter, men vi er ikke der ennå at det har vært plass til dem», seier Solberg til NRK.Sett i lys av ordspelet, så kan ein spørje seg: er mangfaldet ikkje invitert til festen, og har mangfaldet ikkje fått vore med på å bestemme kven som skal få kome? Til Vårt Oslo, uttalte Akhenaton Oddvar De Leon (leiar i OMOD):«Er vi etniske minoriteter, eller folk med innvandrerbakgrunn bare ment å observere demokratiet fra sidelinjen?» «Eller ønsker politiske partier at vi skal delta på lik linje med andre norske borgere», spør De Leon.  Korleis kan ein klare å invitere mangfald til «festen», og gjere slik at «det er plass til dem»?

Nyttig med breiare kunnskapsbase
Det er mykjeå «vinne» på å inkludere mangfald i alle ledd, samstundes som at det også kan auke konfliktnivået, og auke behovet for kommunikasjon. Det vert då eit slags paradoks, for om ein unngår mangfald og søker å arbeide utelukkande med dei same som liknar ein sjølv, så kan ein bli låst i faste mønstre, noko som kan svekke grunnlaget som ein baserer sine avgjersle på. For å inkludere mangfald, handlar i stor grad om å søke kunnskap utanfor kjende rammer og i ukjende domene, noko som gjev beslutningstakarane «ein breiare kunnskapsbase». Det å ha ein breiare kunnskapsbase vert nyttig når ein skal fatte velgrunna avgjersle og det kan føre til meir innovative løysingar.På same tid så kan ein ha ein aversjon mot mangfald og det å arbeide med menneske som ein opplever som ulik seg sjølv, fordi det opplevast «lettare» og «smidigare» å arbeide med menneske som ein opplever som lik seg sjølv.

Politikk som famnar om ei større breidde
Det å ha ei regjeringsom er mangfaldig, på ulikt vis, kan vere med å sikre at «ulike stemmer» ikkje berre vert høyrt, men også aktivt representert, samstundes som at det kan sikre ein politikk som er utforma på ein slik måte at det famnar om ei større breidde av befolkninga. På den måten vert det ikkje berre mangfald for «mangfaldet si skuld», men eit inkludert mangfald for ei utarbeiding av berekraftige, representative og innovative løysingar som er naudsynte i den omskiftelege tida vi lev i. Men då er ein avhengig av å skape «plass til dem»,  og ikkje berre «telle» mangfald, men aktivt invitere med, og skape ein arena og rom der mangfaldige perspektiv er med og der ulik kunnskap kryssast.


Fra https://www.utrop.no/Plenum/Debatt/34631
Alt innhold er opprettshavelig beskyttet. Eminol.com og Utrop.no © utrop@utrop.no