Erfaringsutveksling mellom organisasjonar som arbeider med inkludering av etniske minoritetar

0Shares

LNU vil i løpet av våren 2006 utarbeide ei startpakke for organisasjonar som ynskjer å bli “åpne og inkluderende” organisasjonar.

Til denne startpakka vil ein samle erfaringar, kunnskap og kompetanse som LNU sine medlemsorganisasjonar har tileigna seg gjennom sitt arbeid, slik at andre organisasjonar kan nyte godt av det. Både positive og negative erfaringar vil vere interessant å få med i ein slik pakke.

For meir informasjon og påmelding kontakt, nasjonal konsulent Kristian Fjellanger på telefon 23 31 05 82 eller e-post [email protected]

Målgruppe: Alle nivå i barne- og ungdomsorganisasjonar med interesse for inkludering av etniske minoritetar.