Først og fremst dei i fare får bu i Noreg

I 2002 blei totalt 1355 flyktningar tekne ut som overføringsflyktningar til Noreg.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) reknar med at det i dag er ca. 12 millionar flyktningar i verda. Dette er menneskjer med behov for internasjonalt vern og ei varig løysing på sitt problem. Av desse er det relativt få UNHCR ønskjer gjenbusetjing for.


Talet på overføringsflyktningar til Noreg har vore i overkant av 1000 personar i året. Frå 1998 til 2002 var kvoten på 1500 plassar, mens den for 2003 er på 750 plassar.

Det er få land som har faste kvoteordningar for gjenbusetjing av flyktningar. I tillegg til Noreg er det Australia, Canada, Danmark, Finland, Nederland, New Zealand, Sverige og USA. Sveits har òg hatt ein fast årleg kvote, men denne har vore suspendert sidan 1998 på grunn av stor tilstrøyming av asylsøkjarar. Dei siste par åra har nye land opna for eit gjenbusetjingssamarbeid med UNHCR: Benin og Burkina Faso i Afrika, Argentina, Brasil og Chile i Sør-Amerika og Irland, Island og Spania i Europa. Dei nye landa har førebels berre innført gjenbusetjingsprogram som prøveordningar og kvotene er jamt over låge.





































Overføringsflyktningar til Noreg


1995


1996


1997


1998


1999


2000


2001


2002


Talet på uttekne


1591


788


1343


1124


1480


1481


1269


1355


Innreiste


1506


622


1152


823


1635


819


1700


1216



Statistikken skil mellom talet på uttekne og talet på faktisk innreiste til Noreg. Det tek ofte fleire månader frå ei overføring er løyvd til flyktningen kjem. Dette kan innebere at flyktningar først kjem til Noreg året etter at dei er tekne ut. I 2002 blei det totalt teke ut 1355 flyktningar for gjenbusetjing i Noreg, mens det same året kom 1216 overføringsflyktningar.





























Talet overføringsflyktningar tekne ut til Noreg i 2002


Afrika


  516 (Burundi 137, Liberia 134)


Iran


  269 (primært frå Tyrkia)


Irak


  158 (primært frå Tyrkia)


Søraust-Asia


  121 (Indonesia 63, Myanmar 53)


Kvinner


    20 (Iran 6, Liberia 4)


Andre


  271 (hastesaker, etc.)


Totalt


1355