Regjeringa med ny storbymelding

I Storbymeldinga som Regjeringa nyleg la fram, blir det slått fast at heile 172 000 av vel 200 000 ikkje-vestlege innvandrarar i Noreg bur i storbyregionane. Dei fleste innvandrarane bur i Oslo-regionen, men dei andre storbyane har òg mange innvandrarar.

Dette gjer kulturen meir mangfaldig og rikare, men byr òg på fleire utfordringar.

I mange næringar som for eksempel offentleg transport, reingjering, hotell og restaurant utgjer innvandrarane ein stor og viktig del av dei tilsette. Samtidig ser vi at arbeidsløysa blant ikkje-vestlege innvandrarar er om lag dobbelt så høg som landsgjennomsnittet.

Tenesteapparatet må tilpassast

Den store variasjonen i levemåten til innbyggjarane når det gjeld religion, tradisjonar og livsval skaper utfordringar knytt til organiseringa av institusjonane og tenesteapparatet i storbyane. For at livet i storbyane skal kunne fungere bra, må alle føle at dei høyrer til i samfunnet. Ei kjensle av å høyre til blir skapt blant anna gjennom deltaking på arbeidsmarknaden, i kulturlivet og i frivillige organisasjonar. Dei offentlege tenestene i byen blir nytta av menneske med ulik bakgrunn og levesett, og det er svært viktig at det offentlege tenesteapparatet og institusjonane i samfunnet tilpassar seg, slik at alle brukargruppene i samfunnet føler at dei blir ivaretekne på ein god måte, heiter det i meldinga.

Nærleik gir auka toleranse

Påverkinga innvandring har på kultur og levemåte kan opplevast som ei vinning og inspirasjon, men òg som ein trussel mot det kjende og trygge. Personar i dei mest sentrale strøka av landet, er gjennomgåande meir positive til innvandrarar og innvandring. Ei undersøking Statistisk sentralbyrå offentleggjorde hausten 2002, syner at 90 prosent er positive til å ha ein innvandrar som heimehjelp eller nabo. Når problemstillinga blir meir privat, nemleg korleis dei vil reagere på å få ein innvandrar som svigerdotter eller svigerson, reserverte 40 prosent seg.

Det er òg gjort undersøkingar som viser at eit bustadområde med relativt mange innbyggjarar med blanda, etnisk minoritetsbakgrunn verkar positivt for å utvikle toleranse og respekt for menneske med annan bakgrunn enn ein sjølv.

Nyare forsking viser at barn har mange fordelar ved å vekse opp i eit mangfaldig bymiljø. Å leve og samarbeide med menneske som er annleis enn deg sjølv, gir viktig lærdom. Du får ein kompetanse som er viktig for å møte livet og ikkje minst dei nye krava i arbeidslivet. Barnehage og skole betyr mykje for oppvekstvilkåra i alle lokalsamfunn. I storbyane skal skolen gi eit godt tilbod til alle trass i stort mangfald. Eit godt skoletilbod og trygt fritidstilbod har mykje å seie for den framtidige deltakinga til minoritetsungdom i samfunnet, slår meldinga fast.