Arbeidsløysa blant innvandrarar held fram

Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar auka frå 7,2 prosent i november 2001 til 8,6 prosent i november 2002. For heile Noregs befolkning steig ho frå 2,7 til 3,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Det er blant innvandrarar frå Afrika at den registrerte arbeidsløysa har auka mest, med 2,4 prosentpoeng, og dei ligg også høgast når det gjeld arbeidsløyse, med 16 prosent. Dette er fem gonger høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 11,5 og 9,8 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika hadde den lågaste arbeidsløysa blant dei ikkje-vestlege med 9,1 prosent. Innvandrarar frå Norden hadde ei arbeidsløyse berre nokre desimalar høgare enn den vi finn for heile landet. Ein kan elles merke seg at innvandrarar frå resten av Vest-Europa har hatt ein auke det siste året som har gjeve denne gruppa ei arbeidsløyse på 4,3 prosent – med andre ord 1 prosentpoeng over nivået for heile landet.

Kvar sjette arbeidslaus er innvandrar

Det var registrert 13 107 heilt arbeidslause innvandrarar ved utgangen av november 2002. Desse utgjer om lag 17 prosent, eller kvar sjette person, av heile gruppa på 77 706 registrerte ledige. Trass i auken i arbeidsløysa også blant dei vestlege innvandrarane, er arbeidsløyse i det heile eit fenomen som gjer seg mest gjeldande blant dei med ikkje-vestleg bakgrunn. Av dei 13 107 registrerte arbeidslause innvandrarane i 4. kvartal 2002, kjem 10 819 frå ikkje-vestlege land, det vil seie nærare 83 prosent.

Menn, både i heile befolkninga og blant innvandrarane, hadde den største prosentvise auken i talet på registrerte ledige frå november 2001 til november 2002. Auken var på respektive 23 og 26 prosent. Den tilsvarande auken for kvinner totalt var 18 prosent og for dei kvinnelege innvandrarane 23 prosent. Arbeidsløysa i heile befolkninga var på 3,6 prosent blant menn og 2,9 prosent blant kvinner i 4. kvartal 2002. Blant innvandrarane var dei tilsvarande tala 9,6 og 7,5 prosent.