EØS-utviding med overgangsordningar

Regjeringa ser positivt på arbeidsinnvandring frå dei nye EU- og EØS-landa, men det trengst overgangsordningar.

Kommunal- og regionaldepartementet legg i dag fram for Stortinget forslag til endringar i utlendingslova etter som EU- og EØS-samarbeidet blir utvida med ti nye medlemsland 1. mai i år.

– Sjølv om vi har overgangsreglar for arbeidstakarar, blir det mykje enklare for borgarar frå dei nye medlemslanda å kome inn på arbeidsmarknaden etter 1. mai, understrekar kommunal- og regionalminister Erna Solberg. For tenesteytarar og sjølvstendige næringsdrivande er det ikkje høve til slike reglar.

– Regjeringa har som utgangspunkt at Noreg etter kvart treng utanlandsk arbeidskraft, sjølv om det for tida er noko arbeidsløyse, seier Solberg. Ho ser det som positivt at utvidinga av EU og EØS gjer det mogleg å styrkje tilgangen på arbeidskraft.

Det er mogleg for dagens medlemsland å ha overgangsordningar i sju år. Dei noverande EU- og EFTA/EØS-landa kan avgrense retten til å ferdast fritt for arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda, med unntak av Kypros og Malta. Departementet foreslår overgangsreglar for arbeidstakarar frå desse landa. Det vil mellom anna innebere høve til å stille krav om opphaldsløyve.

Dei fleste noverande EU-landa får ei eller anna form for overgangsordning for å hindre for stor tilstrøyming av arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda, redusere faren for sosial dumping og for å hindre misbruk av velferdsordningar.

Regjeringa meiner det neppe blir stor tilstrøyming, og vil at arbeidsmarknaden skal vere mest mogleg open for arbeidstakarar frå dei nye landa. Noreg kan likevel ikkje ha ordningar som er svært ulike dei som nabolanda våre har, og regjeringa meiner at også Noreg må ha enkelte overgangsreglar i samband med utvidinga 1. mai i år.

Kommunal- og regionaldepartementet foreslår overgangsordningar på to område:


  • krav til opphaldsløyve for arbeidstakarar frå Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn
  • høve til å innføre vernetiltak overfor arbeidstakarar frå dei same landa ved alvorleg ubalanse i arbeidsmarknaden eller ved fare for det.


Overgangsordningane kan ikkje vere strengare enn dei reglane som gjaldt for desse arbeidstakarane då avtalen om EØS-utvidinga blei underskriven hausten 2003.

Nærmare vilkår for opphaldsløyve, slik som reglar om fulltids arbeid, vanlege lønns- og arbeidsvilkår og dokumentering av arbeidsforhold, er foreslått som endringar i forskrift. Desse endringane blei sende på høyring 12. mars med svarfrist 29. mars.

Det blir ikkje foreslått krav til type arbeid, fagkompetanse, bestemt arbeidsstad eller liknande. Departementet foreslår at arbeidssøkjarar frå dei nye medlemslanda får rett til å opphalde seg i Noreg for eiga rekning i inntil seks månader.

Departementet foreslår vidare å kunne setje i verk vernetiltak dersom det oppstår eller kan ventast uro på arbeidsmarknaden som kan utgjere alvorleg risiko for levestandarden eller sysselsetjinga i ein bestemt region eller eit bestemt yrke. Kongen i statsråd kan gi forskrift om detaljane i slike vernetiltak.

  • Om lov om endringer i utlendingsloven (EØS-utvidelsen)

    (Ot.prp. nr. 44 (2003-2004))

  • Direkteoverføring av pressekonferansen (Odin direkte)
  • Innlegget til statsråd Erna Solberg (PowerPoint-format)
  • http://www.dep.no/krd/norsk/eu

    Internettside om EØS-utvidelsen og arbeidsinnvandring