Erfaringar med 48-timarsprosedyren

Den såkalla hurtigprosedyren inneber ikkje mindre grundig behandling av den einskilde asylsøknaden, men at saka slepp å liggje lenge i Utlendingsdirektoratet.

Dei siste åra har det vore stor tilstrøyming til Noreg av asylsøkjarar som ikkje har behov for vern etter flyktningkonvensjonen. I mange tilfelle gjeld det personar som har betalt store summar til bakmenn under lovnad om arbeid og varig opphald i Noreg. For å gi eit signal til asylsøkjarane og bakmennene, og for å kunne bruke ressursane på dei sakene der behovet for vern er reelt, har regjeringa sett det som nødvendig å setje i verk tiltak.

Like grundig

Dette er bakgrunnen for at det 1. januar i år blei innført ein såkalla 48-timarsprosedyre for asylsøkjarar frå trygge land. Hurtigprosedyren inneber ikkje mindre grundig behandling av kvar einskild søknad, men at saka blir behandla med ein gong av Utlendingsdirektoratet. Alle søknader blir behandla individuelt, og kjem det fram opplysningar under saksbehandlinga som reiser den minste tvil om søkjaren har behov for vern, skal saka straks overførast til vanleg prosedyre. Asylsøkjarane som får søknaden hurtigbehandla, får på vanleg måte informasjon frå ein frivillig organisasjon (NOAS). Søkjarane har også klagerett på vedtaket og får advokathjelp til eventuell klage.

Få asylsøkjarar

I januar og februar kom det i alt 57 asylsøkjarar til Noreg som fekk behandla søknaden sin i hurtigprosedyren. Alle dei 57 fekk avslag på søknadene sine etter ei individuell og grundig vurdering. Ingen av søkjarane kom med opplysningar i klageomgangen som gjorde det nødvendig med ei anna vurdering av saka. Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i desse sakene har vore under 48 timar. Tal frå politiet viser i tillegg at uttransporten av dei som har fått avslag skjer relativt raskt etter vedtak om avslag.

Slepp å vente

Sjølv om hurtigprosedyren berre har vart i litt over to månader, og erfaringane derfor er noko avgrensa, synest det allereie no å vere ein tydeleg nedgang i talet på asylsøkjarar frå land som blir rekna som trygge. Nedgangen i talet på grunnlause asylsøknader gjer at utlendingsforvaltninga kan bruke meir ressursar på andre saker, som igjen fører til kortare saksbehandlingstid.

Asylsøkjarar som får behandla søknaden sin med ein gong, blir spart for den belastninga det er å leve i uvisse og vente på ei avgjerd.

Vurderer sorteringsprosedyre

Dei positive erfaringane med 48-timarsprosedyren gjer det formålstenleg å sjå nærmare på korleis ein kan behandle fleire asylsøknader på ein raskare og meir effektiv måte. Regjeringa utgreier derfor om det er råd å innføre prosedyrar frå 2005 som inneber større grad av sortering av asylsakene.

Målet med ein slik prosedyre er å fange opp alle klare avslagssaker så tidleg som råd, uavhengig av kva land søkjarane kjem frå. Desse sakene får deretter prioritert saksbehandling, og personane kan raskt bli uttransporterte.

Ein prosedyre for å sortere saker skal ikkje redusere rettstryggleiken til den einskilde asylsøkjaren, og alle asylsøkjarar som kjem til Noreg fordi dei blir forfølgde i heimlandet, skal framleis få vern.

(Kilde: KRD)