Juleamnesti for utlendingar

Kommunal- og regionalminister Erna Solberg gir juleamnesti for utlendingar i kyrkjeasyl og personar med endeleg avslag på asylsøknaden som ikkje er kriminelle.

Det betyr at dei som sit i kyrkjeasyl ikkje kan pågripast og sendast ut av landet med den grunngjevinga at dei ikkje har lovleg opphald.

Personar med endeleg avslag på asylsøknaden som har oversitte utreisefristen, og som ikkje er kriminelle er også omfatta av juleamnestiet, med nokre unntak. Dette betyr at politiet i løpet av julehelga ikkje kan pågripe personar med avslag på asylsøknaden og spontant sende dei ut av landet med den grunngjevinga at dei ikkje har lovleg opphald. Politiet kan derimot foreta planlagte uttransporteringar av personer med endeleg avslag på asylsøknaden.

Juleamnestiet varer frå og med 24. til og med 26. desember 2004.