– Allianse mellom kristenkonservative krefter og Frp

Den kristne avisen Magazinet var først ut i Norge med å trykke Mohamed-karikaturene. Her, redaktør Vedbjørn Selbekk
Karikaturstriden i Norge synleggjorde ein politisk allianse mellom kristenkonservative krefter og Frp, skriver Oddbjørn Leirvik i et innlegg i Aftenposten.

Ved femårsjubileet for Jyllands-Postens publisering av
Muhammad-karikaturane tar kulturredaktør Knut Olav Åmås til orde for ein
«større insensivitivitet – for å lære seg å leve med det man forakter i
et mangfoldig og fritt samfunn».

-I Norge var det eit organ for det nye kristne høgre, Magazinet, som
gjorde eit nummer av å republisere karikaturane. Magazinet var ikkje
åleine om å trykke dei, men det var berre i denne avisa at faksimilen
var følgd av følgjande redaksjonelle kommentar: «Vi ser at
ytringsfriheten i vår del av verden er truet av en religion som ikke er
fremmed for å ty til vold ..» (Selbekk i Magazinet, 10. januar 2006).
Magazinet trykte ikkje faksimilen som illustrasjon til «en nyhetssak om
striden», slik Åmås hevdar, men som ledd i ein islamkritisk
kampanjejournalistikk, skriver han.

Videre heter det:
“Med på laget kom så også Fremskrittspartiet, som var det einaste partiet
som forsvarte Magazinet sin handlemåte. Midt under striden uttalte
Selbekk til Aftenposten («Ønsket konflikt med islam», 31. januar 2006)
at han ønskte seg Frp inn i det borgarlege samarbeidet, og at han henta
inspirasjon frå den nye kristne høgre i USA til si kristenkonservative
mobilisering.”

Politisk allianse

– Slik eg tolka karikaturstriden i Norge,
synleggjorde den ein politisk allianse mellom kristenkonservative
krefter og Frp, og ein retorisk allianse mellom det nye kristne høgre og
Frp på den eine sida og liberale fundamentalistar på den andre.
Dessutan var striden med på å legitimere ein meir grovkorna islamkritikk
i mediene.