Dansk moské fekk 6,6 millionar frå Saudi-Arabia

Det politiske Danmark reagerer kraftig på donasjonsavsløringa frå Saudi-Arabia.
Omstridd dansk moské har fått raus gåve frå Saudi-Arabia, regjeringa leitar etter måtar å stoppe slik støtte. Norge kan få lov som hindrar gåver frå land utan religionsfridom.
162Shares

Moskeen Taiba i Danmark har fått vel 4,9 millionar danske kroner – eller kring 6,5 millionar norske – i ei pengegåve frå Saudi-Arabia, avslører avisa Berlingske.

Gåva kom på konto i 2018, og er rapportert til det danske Kirkeministeriet, slik regelverket krev. I årsrapporten for 2018 melder Taiba at «Saudi Arabiens Ambassade» i København har donert 4.937.949 kroner.

Slike gåver er ikkje ulovlege i Danmark. Fleire trus- og kyrkjesamfunn får donasjonar frå utlandet, til dømes Den katolske kyrkja.

Det politiske Danmark reagerer kraftig på donasjonsavsløringa:

– Eg er redd for at det kan kome donasjonar frå utlandet til religiøse institusjonar i Danmark som motarbeidar demokratiet og spreier hatefull tale, seier utlendings- og integrasjonsminister Mattias Tesfaye.

Les hele saken i Vårt Land.