- Visste du at jødene feiret påske lenge før Jesu fødsel? - 04.04.2026
- Nyttår året rundt - 01.01.2026
- Høyesterett sier nei til å behandle rasismedommen mot Vigrid-profil - 25.10.2023
Nye tal frå Statistisk sentralbyrå søkjer å seie noko om innvandrarane si deltaking i norsk næringsliv.
Innvandrarar frå ikkje-vestlege land utgjer rundt 6 prosent av befolkninga i Noreg, medan innvandrarbefolkninga med bakgrunn frå vestlege land utgjer rundt 2 prosent. Dette samsvarar med deltakinga i næringslivet der innvandrarbefolkninga til saman eig 8 prosent av alle personleg åtte føretak.
Befolkninga med bakgrunn frå ikkje-vestlege land åtte 1. januar 4,7 prosent av føretaka, medan dei med bakgrunn frå vestlege land, utanom Noreg, åtte 3,3 prosent. Eigarane har landbakgrunn frå til saman 151 ulike land. I tillegg er 617 eigarar, 0,5 prosent, personar utanfor Noregs befolkning, i hovudsak personar som er svenske, polske eller danske statsborgarar.







