Regjeringa vil vere med i kampen mot diskriminering i Europa

Regjeringa vil at Noreg skal slutte seg til EUs arbeid mot diskriminering. Innlemming av EUs handlingsprogram mot diskriminering i EØS-avtalen inneber at norske organisasjonar, institusjonar og myndigheitsorgan no kan søkje om pengestøtte frå EU.

Regjeringa vil at Noreg skal slutte seg til EUs arbeid mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Noreg har arbeidd i fleire år for å få EUs handlingsprogram mot diskriminering med i EØS-avtalen. I statsråd i dag vart det lagt fram ein stortingsproposisjon om dette.

Innlemming av EUs handlingsprogram mot diskriminering i EØS-avtalen inneber at norske organisasjonar, institusjonar og myndigheitsorgan no kan søkje om pengestøtte frå EU til prosjekt som skal kjempe mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav1 , religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning.

EUs handlingsprogram for åra 2001 – 2006 er ei stor satsing, med kostnadsramme på over 800 millionar kroner. Frå norsk side skal Sosialdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet yte pengar til programmet.

Med atterhald om Stortingets godkjenning, legg Regjeringa opp til at Noreg skal delta i programmet frå 1.1.2004.

-Handlingsprogrammet i EU er ei viktig satsing for eit inkluderande samfunn. No kan vi utveksle røynsler og lære av kvarandre, seier sosialminister Ingjerd Schou.

-Eg er glad Noregs deltaking no blir realisert. Det er heilt i tråd med norsk satsing på tiltak mot rasisme og diskriminering, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Mer informasjon om støtteordningen:

Eurodesk / Majoran Vivekananthan

22 24 20 11