Foreslår meir politisk styring med praksis i utlendingssaker

Regjeringa ønskjer å ta eit klarare politisk ansvar for korleis utlendingslova blir praktisert. Dette er bakgrunnen for ei ny stortingsmelding om styringsforhold på utlendingsfeltet.

1. januar 2001 blei Utlendingsnemnda (UNE) etablert for å ta seg av klagesakene, og det blei gjort ei lovendring som gjorde at departementet ikkje lenger kunne instruere Utlendingsdirektoratet (UDI) i utlendingssaker. I dag kan Kommunal- og regionaldepartementet berre styre praksis ved å endre regelverket gjennom forskriftsendringar. Unntaket er saker der tryggingspolitiske eller utanrikspolitiske omsyn gjer seg gjeldande.

– På eit så viktig og politisk sensitivt område som utlendingspolitikken treng eg som ansvarleg statsråd betre styringsreiskapar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. – Å endre regelverket kan vere for tidkrevjande i situasjonar som krev raske tiltak, til dømes på bakgrunn av dramatiske hendingar ute i verda, eller fordi politikken i land i nærområdet vårt blir lagt om, legg statsråden til.

Forslag til dei lovendringane som er nødvendige for å gjennomføre tiltaka i meldinga, blir sende på alminneleg høyring samtidig med at meldinga blir lagt fram. På bakgrunn av høyringa vil det bli laga ein lovproposisjon.

– For å oppnå betre politisk styring føreslår regjeringa i stortingsmeldinga at departementet skal kunne gi UDI generelle instruksar om lovtolking og skjønnsutøving, men ikkje gi instruksar i enkelte utlendingssaker, seier Solberg. I tillegg skal departementet kunne bestemme at eit positivt vedtak gjort i UDI skal vurderast på nytt av UNE. Nemnda kan kome med ei prinsippfråsegn som får verknad for tilsvarande saker, men vedtaket i UDI i enkeltsaka kan ikkje opphevast, med mindre det viser seg å vere ugyldig. Moglege tiltak for å auke kontrollen med praksisen og vedtaka også i UNE blir drøfta i meldinga, men det blir ikkje trekt nokon konklusjon på dette punktet.

Som ei oppfølging av evalueringa av UNE si verksemd, føreslår regjeringa å opprette ei stornemnd som ei ytterlegare form for behandling av saker i UNE. Denne nemnda skal vurdere prinsipielle saker, positive vedtak frå UDI og saker der det er tendensar til ulik praksis i UNE og UDI. Vedtak i stornemnda skal vere retningsgivande for etatane.

Meldinga orienterer om ei omorganisering av arbeidet med landkunnskap i utlendingsforvaltninga for å sikre betre samordning. Dessutan vil det i samråd med etatane bli utforma tiltak som gjeld praktiseringa av reglane om partsinnsyn i utlendingssaker. Regjeringa ønskjer å følgje opp evalueringsrapporten sin konklusjon om eit behov for å leggje om praksis når det gjeld partsinnsyn og uttalerett.

– Vi tek denne kritikken på alvor, uttalar statsråden.

(Kilde: KRD)