EØS-utvidinga

Regjeringa meiner at også Noreg må ha enkelte overgangsreglar i samband med utvidinga av EU 1. mai i år.Kommunal- og regionaldepartementet sender i dag på høyring forslag til slike reglar i utlendingslova.

Det gjeld mellom anna høve til å stille krav om opphaldsløyve for arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda, med unntak av Kypros og Malta.

– Vi vil at arbeidsmarknaden skal vere mest mogleg open for arbeidstakarar frå dei nye landa. Men Noreg kan ikkje ha ordningar som avvik sterkt frå nabolanda våre, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Ho understrekar at sjølv om vi har overgangsreglar for arbeidstakarar, vil tilgjenget til arbeidsmarknaden bli mykje enklare for borgarar frå dei nye medlemslanda frå 1. mai i år. Dessutan er det ikkje høve til slike reglar for tenesteytarar og sjølvstendige næringsdrivande.

I høyringsbrevet foreslår departementet overgangsordningar på to område:

*krav til opphaldsløyve for arbeidstakarar frå Estland, Latvia, Litauen, Polen, Den tjekkiske republikken, Slovakia, Slovenia og Ungarn.

*høve til å innføre vernetiltak overfor arbeidstakarar frå dei same landa ved alvorleg ubalanse i arbeidsmarknaden eller ved frykt for dette.

Overgangsordningane kan ikkje vere strengare enn dei reglane som gjaldt for desse arbeidstakarane då avtalen om EØS-utvidinga blei underskriven hausten 2003.

Nærmare vilkår for opphaldsløyve, slik som reglar om fulltids arbeid, vanlege lønns- og arbeidsvilkår og dokumentering av arbeidsforhold, blir foreslått i forskrift. Det blir ikkje foreslått krav til type arbeid, fagkompetanse, bestemt arbeidsstad eller liknande. Departementet vil foreslå at arbeidssøkjarar frå dei nye medlemslanda får rett til å opphalde seg i Noreg for eiga rekning i inntil seks månader. Detaljane i forslag om innhaldet i overgangsreglane skal på eit seinare tidspunkt sendas t på høyring som forslag til forskriftendringar.

Departementet foreslår vidare å gi høve til å setje i verk vernetiltak dersom det oppstår eller blir forventa forstyrringar på arbeidsmarknaden som kan utgjere ein alvorleg risiko for levestandarden eller sysselsetjinga i ein bestemt region eller eit bestemt yrke. Kongen i statsråd kan gi forskrift om detaljane i slike vernetiltak.

I tillegg foreslår departementet i høyringsbrevet å endre utlendingsforskrifta slik at det blir meldeplikt for alle utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen, og som tek kortvarige arbeidsoppdrag her, og ikkje treng opphaldsløyve. Meldeplikta vil vere nyttig for å kunne ha oversikt over kor mange som er her på slike kortvarige oppdrag som arbeidstakarar, tenesteytarar eller sjølvstendige næringsdrivande.

Det er lite tid igjen til EØS-utvidinga. Høyringsfristen er derfor svært kort. Høyringsinstansane blir inviterte til eit høyringsmøte 24. februar om opphaldsløyve og vernetiltak. Det blir ei vanleg høyringsrunde om meldeplikta med frist 16. mars.

(Kilde: KRD)