Hjem Meninger Ytringer Presidentvalet i Costa Rica: Teikn på demokratisk utmatting

Presidentvalet i Costa Rica: Teikn på demokratisk utmatting

Valet i 2026 handlar ikkje berre om makt, men om innhaldet i demokratiet, skriv kronikkforfattarane.
Foto: Illustrasjonsfoto
Costa Rica blir ofte omtalt som Mellom-Amerikas demokratiske unntak. Men framfor presidentvalet 1. februar 2026 veks det fram sprekkar i forteljinga om stabilitet, likskap og folkesuverenitet.
Latest posts by Sandra Vanessa Zuñiga Borhaug og Ana Marcela Montanaro (see all)

Costa Rica har lenge vorte framstilt som det demokratiske unntaket i Mellom-
Amerika. Eit land utan hær, med regelmessige val, politisk stabilitet, respekt for
menneskerettar og ein grøn profil som har gitt internasjonal anerkjenning. «Pura
vida» – livsglede og harmoni – er ikkje berre eit uttrykk, men ein del av den nasjonale
sjølvforståinga og eit effektivt varemerke i den globale turistindustrien.

Men bak denne forteljinga veks eit anna Costa Rica fram. Eit land prega av aukande
ulikskap, sosial fragmentering og ei demokratisk utmatting som utfordrar førestillinga
om landet som eit fullt ut robust demokrati.

Formelt vert Costa Rica definert i grunnlova sin artikkel 1 som ein demokratisk, fri,
uavhengig, multietnisk og fleirkulturell republikk. I praksis er det politiske
handlingsrommet langt meir avgrensa. Den økonomiske modellen er sterkt avhengig
av USA og transnasjonale selskap, særleg innan turisme, eigedomsutvikling og
finans. Denne avhengigheita forplantar seg innover i statsapparatet gjennom politiske
og økonomiske elitar som konsentrerer avgjerdsmakt og formar utviklingspolitikken i
tråd med globale marknadsinteresser.

Dette er ikkje berre eit økonomisk spørsmål, men eit demokratisk. Når sentrale
politiske val i aukande grad vert styrte av eksterne interesser, vert den reelle
folkesuvereniteten svekka. Costa Rica har val, men manglar i aukande grad politisk
autonomi.

Desse strukturane vert forsterka av ein historisk betinga «indre kolonialisme», knytt til
den kreolske arven. Resultatet er ei normalisering av strukturell rasisme og sosial
ekskludering, særleg retta mot urfolk, afro-costaricanarar og migrantar – ikkje minst
frå Nicaragua. Samstundes har nyliberal politikk gjennom fleire tiår bidrege til
systematiske kutt i sosiale rettar innan helse, utdanning, bustad og arbeid, og til ei
gradvis utholing av velferdsstatens berebjelkar.

Eit tydeleg uttrykk for denne utviklinga finn vi i kystområda langs Stillehavet og
Karibia. Her har utanlandsk kapital og luksusbasert turisme drive fram omfattande
gentrifisering. Lokalbefolkninga vert pressa ut av bustadmarknaden, levekostnadene
skyt i vêret, og enkelte område har prisnivå som kan samanliknast med Noreg. Costa
Rica er i dag blant landa i regionen med størst inntektsulikskap, der ei lita elite
konsentrerer store ressursar medan stadig fleire slit med å dekkje grunnleggjande
behov.

Samstundes forvitrar den sosiale tryggleiken. Narkotikahandel, organisert kriminalitet
og leigemord har auka markant og undergrev både tryggleiken til innbyggjarane og
tilliten til statlege institusjonar. Vald mot kvinner – inkludert femicidios – er aukande,
og barn i fattige område lever i ei særleg sårbar stilling. Institusjonar som Patronato
Nacional de la Infancia, som har ansvar for å verne barn og mødrer, har i praksis vist
seg utilstrekkelege i møte med utfordringar som fattigdom og sosial ekskludering.

Costa Rica sitt grøne omdøme slår sprekkar

Også Costa Rica sitt grøne omdøme slår sprekkar. Miljøprofilen fungerer i stor grad
som eit diskursivt verkemiddel retta mot internasjonale marknader, medan praksisen
er prega av utvinning, deregulering og konsesjonar til transnasjonal kapital.
Resultatet er øydelagde økosystem, tap av lokalsamfunn og eit djupt skilje mellom
miljøretorikk og faktisk politikk.

I dette landskapet har pinse- og evangeliske kyrkjer fått aukande politisk tyding,
særleg sidan valet i 2018. Der staten er fråverande, fyller desse kyrkjene sosiale og
fellesskapsmessige funksjonar som gjev dei stor legitimitet. Samstundes har dei
bidrege til å mobilisere støtte til politiske prosjekt prega av moralsk konservatisme,
kvinnefiendskap og motstand mot sosiale rettar, LHBTI-rettar og kvinner sine
seksuelle og reproduktive rettar.

Dette fører oss til dagens politiske leiarskap. President Rodrigo Chaves, tidlegare
Verdsbank-økonom og finansminister, representerer det som kan skildrast som ein
«kreolsk trumpisme». Ein politisk stil som kombinerer nyliberal økonomisk politikk
med autoritære trekk og populistisk retorikk. Misnøya i befolkninga vert ikkje
kanalisert inn i strukturelle reformer, men forvalta gjennom polarisering, forenkla
fiendebilete og ei vidare fordjuping av det same økonomiske systemet som har skapt
krisa.

Presidentvalet i 2026 finn stad i eit politisk landskap prega av fragmentering og
mistillit. Over tjue parti konkurrerer om presidentembetet og plassane i
nasjonalforsamlinga. Meiningsmålingar peikar mot ei mogleg vidareføring av dagens
politiske kurs, anten gjennom kandidatar med band til Chaves eller gjennom
tradisjonelle sentrum-høgre-parti. Støtta til desse prosjekta må forståast mindre som
ideologisk tilslutnad, og meir som eit uttrykk for frykt, frustrasjon og mangel på
opplevde alternativ.

Den demokratiske slitasjen i Costa Rica er ikkje eit isolert fenomen. Ho inngår i ei
breiare, transnasjonal bølgje der demokratiet vert redusert til eit minimum av
valprosedyrar, medan sosial rettferd og reell deltaking vert underordna
marknadslogikken.

Den avgjerande kampen i Costa Rica står difor ikkje berre om valresultatet, men om
sjølve innhaldet i demokratiet. Skal demokratiet avgrensast til stemmesetlar og
institusjonell stabilitet, eller kan det gjenoppfinnast som eit prosjekt for sosial rettferd,
materiell tryggleik og eit verdig liv for alle?

Utfordringa framover er å bryte med både nyliberalisme og autoritær populisme – og
å finne ein eigen veg som hentar inspirasjon frå urfolk sine perspektiv på «det gode
livet», samt ei forståing av demokrati som meir enn eit ritual, men eit felles løfte om
liv, rettar og verdigheit.