- Møteplassar viktigare enn parkeringsplassar - 14.11.2007
I programmet til denne konferansen set arrangøren fram ein påstand om at opprustinga av det offentlege rom skjer ved hjelp av formspråket til historia. Les vi vidare forstår vi at dette blir sett på som feil i ei globalisert tid, og at arrangøren reiser tvil om vi skjønner at vi lever i eit fleirkulturelt samfunn.
Dette er det eg er bedt om å forholde meg til ut frå ei hovudproblemstilling som eg forstår handlar om korleis vi kan ta utviklinga mot mangfaldssamfunnet inn i stadsutviklinga vår.
Eg vil tru at eigenarten har noe å gjera med dei handlingane som har skapt staden. Altså slik at vi må forstå handlingane for å forstå staden, og at staden er eit uttrykk for desse handlingane. Staden kan altså ikkje leve noe liv lausrive frå det som har skapt han. Tvert imot vil eigenarten til staden bli tydelegare til nærmare vi kjem forståinga av handlingane. Eg antar såleis at vi ikkje snakkar om ei stadsutvikling som startar med blanke ark.
Sand (i Suldal kommune red.anm) er ein strandstad som er skapt gjennom handlingar knytt til samspelet mellom sjø og land. Det var trelasthandelen på 1600-talet som skapte det første behovet for bustader, og etter kvart hus for handel, skjenking, overnatting og tenesteyting. Sildefiskeria skapte behov for fleire sjøhus til sjøbruk og båtar, og så kom skipsbyggingstida med eit sterkt bidrag til den sjø til landstrukturen som handel og sjøhus alt hadde skapt. Turisttida frå slutten av 1800-talet bygde òg på overgangen frå sjøverts til landverts transport, men nå var det pensjonat, hotell og hesteskyss på veg som sette sitt preg på strandstaden. Framleis har Sand ein puls som er sterkt påverka av hurtigbåthamn, ferjetrafikk og massetransport over Hydro-kaien.
Gate- og bygningsstrukturen på ein stad som Sand er eit resultat av mange handlingar over lang tid. Men dermed er han òg eit vitnemål om desse handlingane. Det gir staden særpreg og identitet, og det hjelper oss til å forstå kor vi er. Ei vidareutvikling av staden må bygge på denne forståinga.
Det betyr ikkje at vi skal fortsetta å bygge som om vi framleis var på 1600-, 1700- eller 1800-talet. Det ville vera meiningslaust å kopiere skikken, motebildet og stilartane frå tidlegare århundre og på den måten late som om vi framleis var der. Vi skal ta vare på og ha pietet over for dei husa som faktisk er frå denne tida, men stadsutvikling må handle om noe meir og noe anna enn å repetere det som er frå før.
Tettstader som Sand har alltid hatt sterke innslag av innflyttarar. Men skal det føre til at vi skal legge historia til sides av frykt for å bli eit hermetisk lukka reservat? Vi heller barnet ut med badevatnet om vi trur at historia står i vegen for ei dynamisk stadsutvikling i eit fleirkulturelt samfunn. Da er utgangspunktet for snevert og kunnskapane for mangelfulle. Det er for snevert fordi stadsutviklinga i for stor grad blir knytt til det estetiske uttrykket, og det er mangelfullt fordi det i for stor grad blir knytt til det fysiske miljøet.
Innvandringa av flyktningar, asylsøkarar og arbeidssøkarar stiller bygder og tettstader overfor store utfordringar. I den fleirkulturelle røyndomen vil det i større grad vera nødvendig å rette blikket framover enn bakover. Og det kan jo bety at innvandraren også vil vera med og bestemme korleis det skal sjå ut, men ikkje nødvendigvis slik at Gata på Sand må sjå ut som ei landsbygate i den serbiske delen av Bosnia, eller som hovudgata i Mogadishu. Eg har ennå ikkje møtt ein einaste innvandrar som er i nærleiken av å tenkje at Sand må bli slik som heimbyen, og eg har intervjua mange av dei. Dei er sterkare fokusert på møte mellom menneske.
Eg trur at ei kjerneutfordring i strevet med å skape eit mangfaldssamfunn er å legge til rette nettopp for møte mellom menneske. Møte skaper kontakt, kjennskap, kunnskap og nettverk. Og det motverkar framandfrykt, rasisme og konflikt. Møte er ein viktig føresetnad for vidareføring av ein samfunnsmodell og eit demokrati slik vi kjenner det.
Og dette bør ikkje vera altfor vanskeleg. Dei små tettstadene våre er som skapt for møte med sine tronge gater, små plassar, få butikkar og fellesskap på hurtigbåtar og ferjer. Men i arbeidet vårt med planlegging av vidare utvikling, til forveksling likt stadsutvikling, er vi meir opptatt av parkeringsplassar enn møteplassar. Vi er opptatt av å komma fort fram, kjøre frå stad til stad utan irriterande opphald i ferjekøer, få parkert nærmast muleg butikkhyllene, og komma fort heim att til stovene og hagane våre.
Mange av utlendingane som kjem hit har andre erfaringar. Dei har erfaringar frå stader der det berre er behov for noen få og små steg for å finne ein stol på ein fortauskafé. For desse representerer våre tettstader sosiale ørkenar.
I Suldal tok ein del kvinner fatt i denne utfordringa og stelte seg til med ein kvinnekafé. På Ryfylkemuseet har vi følgt opp dette arbeidet ved å arrangere noe vi kallar Internasjonal kafé ein gong i månaden. Dette er eit lågterskeltilbod der vi møtest over eksotisk mat, ein drøs over kafébordet og kanskje noe enkel underhaldning, allsong, dans eller liknande. Dette har vore vellukka og populært. Ikkje minst har det vore viktig at det vi tilbyr er ein alkoholfritt og ein religionsnøytral møteplass.
Til nå har honnørorda i stor grad vore integrering og inkludering. Vi har gått ut frå som sjølvsagt at målet er å innlemme innvandrarane i det vi har å by dei. Men det er ikkje sikkert det er så attraktivt for alle. Eg trur vi må ta dette sterkare inn over oss, og i større grad invitere innvandrarane med på diskusjonen om korleis vi skal forme ei felles framtid.
Dette kan hørest ut som ein risikosport, og eit alvorleg trugsmål mot min eigen argumentasjon om å la staden få tale gjennom resultata av dei handlingane som har skapt han. Og vi kan sjølvsagt risikere at noe av det første som kjem opp er behovet for å få bygt ein moske sentralt på Sand. Men det er ikkje slik at det nødvendigvis er ein moske som måtte bli symbolet på at det er nye tider. Til dømes er ein Eid-fest ikkje nødvendigvis knytt til ein moske. Våre informantar fortel at under Eid er mange menneske i gatene og på torget, folk som et, drikk og feirar saman. Med andre ord er feiring av det sosiale fellesskapet det viktige, ikkje kva slags rom det går føre seg i, og heller ikkje alltid det religiøse fellesskapet.
Våre erfaringar frå fleire prosjekt der vi har prøvd å fange opp noen av dei prosessane som blir sett i gang når folk får ulike kulturar busett seg i små lokalsamfunn, er at dei som kjem er vel så opptatt av å ta vare på natur og kultur der dei kjem, som vi som bur her frå før. Men dei har ofte med seg eit anna sosialt, kulturelt og religiøst formspråk. Vår utfordring, og kanskje eit vilkår for å lukkast med mangfaldssamfunnet, er å møte dette både i forhold til fysisk tilrettelegging og former for samvær.






