Sri Lankas historie – sett i frå ein elevs perspektiv

I dag tek Norge del i fleire fredsforhandlingar, og eitt av måla er å skape fred på Sri Lanka.


Freden på Sri Lanka har aldri vore so nær som den er i dag. Men fredsprosessen heng fortsatt i ein tynn tråd og kan stoppe opp når som helst med påfylgje av blodbad og sivile tap. Framgang og suksess for fredsforhandlingane er avhengig av at givarlanda opprettheld si restriktive bistandspolitikk ovafor Sri Lanka. Tamilane si historie er ei historie om brotne løfter, svik, nedslakting og krig. Her er den historiske bakgrunnen for krigen.Fred og fredsforslag har blitt diskutert av tamiler og singalesarar tidligare utan at det har ført til anna enn brotne avtalar. Kvar mislykka forhandling har kosta tamilane ein masse blod. Språket er blant dei eldste språka i verda, og er over ca. 5 000 år gamal. Historia om singalesarane byrjar for ca. 500 år før Kristus. Ein mektig konge i Nord India, hadde ein son, prins Vijaya. Ein gong hadde denne prinsen forrådt kongen, og det førte til at faren, altså kongen, utviste prinsen og kasta han ut av landet. Vijaya og ei bølgje av hans folk flykta til ei lita øy i sør som i dag heiter Sri Lanka. Øya var allereie busatt då, av tamilar. Prinsen stifta sin eigen kultur, eige språk, og eit nytt folk, singalesarane blei til.So det betyr at tamilane og singalesarane har hatt 2 000 års historie å vise til før dei måtte kjempe mot europeiske kolonimakter for å bevare sine respektive kongedømmer. Portugisarane kom i 1505, hollenderane i 1638 og britane i 1795. Det tamilske kongedømmet falt i britiske hender i 1806. Dei britiske seierherrane tok herredøme over heile landet i 1815. Av bekvemmeliheitsgrunnar blei kongedømmane Colombo (lavlandet), Kandy (høglandet) og Jaffna (det tamilske kongedømet) satt under ein fellesadministrasjon i 1833. Det var denne statsstrukturen som seinare gjorde det mogleg for singalesarane å overta den politiske makta.Under grunnlovsforhandlingane med den britiske Soulbury-kommisjonen for eit sjølvstendig Ceylon i 1944, krevde det tamilske kongresspartiet lik representasjon ved forhandlinga. Kravet som blei kjent som 50-50 (fifty—fifty) møtet gjekk ut på at 50% skulle være representert av singalesarar og dei resterande 50% skulle delast mellom tamilar, muslimar, europeiske etterkomarar og andre minoritetar i landet.

Dette blei avvist av koloniregjeringa. Og den 4. februar 1948 (som er landets grunnlovsdag), det var då britane ga sin kronkoloni Ceylon sjølvstendigheit og overførte makta til United National Party (UNP) som då var dominert av singalesisk elite.D.S. Senanayke, ledaren av koloniregjeringa og landets fyrste statsminister, lova at tamilar og andre minoritetar ikkje skulle ha noko grunn til å frykte den singalesiske majoriteten i eit fritt Ceylon. Eit løfte som seinare viste seg å være skjebnesvangert for den tamilske befolkninga i landet.Samme år som landet blei sjølvstendig vart det fråtatt 1 million ”plantasjetamilar” statsborgarskap og stemmerett. Då hadde dei allerede vore i landet i tre generasjonar. Plantasjetamilane var henta i frå India av koloniherrane i 1825 for å arbeide i kaffe plantasjane, og seinare også i teproduksjonen som landet har blitt verdskjent for.S.W.R.D Bandaranayke som var faren til dagens president og mannen til den avdøde statsministeren Srimavo Bandaranayke, braut ut av av UNP i 1951 og danna Sri Lankas Friheitsparti. Han satt i gong med sin ’’ Sinhale only’’ kampanje som gjekk ut på å gjera singalesisk til det einaste offisielle språket. Ei kampanje som til dagens dato har satt etnisk sameksistens i landet ut av spel.Til tross for åtvaring frå singalesiske og tamilske politikarar om ’’ ett språk to land, to språk ett land’’ innførte Bandaranayke, som overtok makta i 1956, singalesisk som det einaste offisielle språket. Tamilar blir ikkje lenger rekruttert til militæret og dette resulterte i at landets forsvar mista sin nasjonale karakter og utelukkande blei singalesisk. Dei tamilske ikkje-valdelege ’’sitt ned’’ aksjonar foran parlamentet vart møtt med angrep frå singalesisk mobb.I 1965 kom Dudley Senanayake (sonen til D.S. Senanayake) frå UNP til makta og offentleggjorde lova om distriktsstyre. I 1968 vart den trokke tilbake på grunn av singalesiske protestar og tamilane vart igjen utsatt for vald, og denne gongen av fru Bandaranayke, som kom til makta igjen i 1970. Ho innførde avgrensingar ved opptak av tamilske studentar til universiteta.

Ho introduserte eit standardiseringssystem der det kravdes høgare karakterar av tamilske studentar enn andre for å få innpass til universiteta. Tamilske studentar organiserte seg for å kjempe seg mot uretten. Bandaranayke fjerna Soulbury-grunnlova og dermed også resterande band til den tidligare kolonimakta. Tamilane mista all grunnlovsfesta vern og blei utelukka frå einkvar maktdeling. Landets namn blei endra fra Ceylon til Sri Lanka.Tamilane sine ikkje-valdelige kampmidlar blei møtt med stadig omsynslaus vald. Resultatet var at ungdommane gjekk til væpna motstand for å forsvare det tamilske språket, sikre retten til utdanning, stoppe planlagt kolonisering av tamilane sitt tradisjonelle heimland og for å slå tilbake dei singalesiske angrepa. Det blei danna ’’stay behind’’ gruppar, leda av V. Pirapaharan med namnet ’’New Tamil Tigers”. I 1975 vart namnet endra til det etter kvart velkjente ’’Liberation Tigers of Tamil Eelam’’ (LTTE). Over 100 hindu tempel og kyrkjer vart bomba og lagt i ruinar. Dette skjedde med aktiv støtte frå singalesiske politikarar som satte trenden for seinare valdshandlingar.J.R. Jayaverdene, ledaren av UNP, vann valget og innførde ei ny grunnlov med presidentstyre i 1978. J.R. Jayaverdene vart dermed landets første president. Under anvising frå to singalesiske ministarar i 1981 brende politiet og militæret viktige bygningar i Jaffna. Bl.a. vart Jaffnas offentlege bibliotek, som var rekna som eit av dei beste i Sør-Asia, brent ned med over 95 000 verdifulle bøker.I 1983 starta ei ny valdsbølgje av dimensjonar.

Bl.a. blei 53 tamilske politiske fangar i eit av landets sikraste fengsel i Colombo brutalt drept. Mange menneske var igjen på flukt og fleire liv gjekk tapt. Fleire båtlaster med tamilske flyktningar fòr nordover til tamilske områder. Omlag 95% av tamilske eigendommar i sør vart øydelagt. Slik starta krigen på Sri Lanka som i dag har kreve 65 000 menneskeliv.