Instagram vil fjerne kontoar som spreier rasisme i fotballen

Instagram vil fjerne kontoane til dei som sender hatmeldinger til fotballstjerner og utvikle nye kontrollmekanismar for direktemeldinger.

Fleire Premier League-stjerner har fått rasistiske meldingar i sosiale medium. Byrivalane i Manchester, City og United, og Liverpool og Everton slapp i helga ei felles fråsegn der dei fordømde hetsen i sosiale medium.

Instagram, som er eigd av Facebook, varslar onsdag at tenesta tek grep, og at kontoar som sender rasistiske meldingar til fotballstjerner skal stengjast, melder Sky News.

Samtidig vil selskapet utvikle kontrollmekanismar for å hindre at folk får sjå hatefulle direktemeldinger som blir sendt til dei.

Les mer i fjordabladet.no