Staten skrotar anonym jobbsøking: – Ikkje det resultatet me håpa på

Ny rapport viser at anonymiserte jobbsøknadar ikkje bidreg til at fleire innvandrarar får tilbod om jobbintervju i staten. Hoger Amin Karadaki trur det handlar om at arbeidsgivarar treng ei ny haldning til innvandrarar.

I 2019 starta Kommunal- og moderniseringsdepartementet eit forsøk med å anonymisera jobbsøkarar i statlege verksemder.

Bakgrunnen for forsøket var at tidlegare undersøkingar har vist at det er mindre sjanse for jobbsøkarar med utanlandsk namn å bli kalla inn til intervju.

Forsøket var ein del av departementet sitt integreringsløft, og no er rapporten klar.

– Resultatet var ikkje det me håpa på, seier kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Les mer i nrk.no