Tenketanken Minotenk gjev ut Håndbok mot rasisme for å hjelpe lærarar i møte med rasisme: – Skulen er kanskje den viktigaste arenaen kor me kan motverke rasisme i samfunnet.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
- Firebarnsmor utvises etter 21 år: – Vi er i sjokk - 27.06.2022
- – Like lite som du assosierer kristne med 22. juli, bør du koble 25. juni med muslimer - 27.06.2022
- Gir ut bok til høsten - 26.06.2022
– Boka er ikkje ein fasit på korleis jobbe mot rasisme, men den er eit konkret verktøy som kan stimulere til engasjement, refleksjon og auka forståing, både hos lærarar og elevar, skriv Linda Noor i Minotenk til Framtida.no.
Minotenk er ein organisasjon som arbeider med problemstillingar knytt til minoritetar i Noreg, og fremmar politiske og praktiske løysingar på utfordringane. Med støtte frå Fritt Ord og Bufdir gjev dei no ut ei gratis Håndbok mot rasisme til skular rundt om kring i landet.