– Det er risikofylt å vera menneskerettsforsvarar

Psykologiprofessor Nora Sveaass frå UiO får utdelt UiOs menneskerettspris frå rektor Svein Stølen
Foto : Ola Sæther, Uniforum
– Menneskerettsforsvarar i heile verda lever i dag under stor risiko. Mange av dei blir utan grunn skulda for vera terrorristar eller å driva med kvitvasking av pengar. Det sa Nora Sveaass etter å ha fått overrekt UiOs menneskerettspris før helgen.
0Shares

Det var ingen ledige plassar i Gamle festsal då psykologiprofessor Nora Sveaass frå Universitetet i Oslo i går kveld fekk utdelt UiOs menneskerettspris frå rektor Svein Stølen. Både personar som kom til Noreg som flyktningar, folk frå UiO, folk frå andre delar av akademia og folk frå frivillige organisasjonar kom for å æra prisvinnaren.

– Høyrer saman med fredsprisvinnarane
Og UiO-rektor Svein Stølen hylla UiOs eigen prisvinnar:

– Nora Sveaass har jobba for at statar skal kunna haldast ansvarlege dersom dei har stått bak tortur og umenneskeleg behandling. På den måten høyrer ho heime på det same feltet som dei to som i år får Nobels fredspris, Nadia Murad frå Irak og legen Denis Mukwege frå Kongo, sa Svein Stølen.  

Ho har drive med beinhard jobbing på vegner av dei aller svakaste.

– Stum av beundring
Forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø skulle eigentleg ha delt ut prisen til Nora Sveaass. Sidan ho blei forhindra, måtte rektor Svein Stølen steppa inn som stand in og lesa opp talen til Iselin Nybø.

– Eg blir stum av beundring av eit slikt menneske som Nora Sveaass. Ho har drive med beinhard jobbing på vegner av dei aller svakaste. Ho har drive med behandling av menneske som har vore utsett for tortur. Nora Sveaas er eit godt menneske som er glad i menneske. Ho er ein fantastisk ressurs og eit førebilete for både tilsette og studentar ved UiO. Sjølv om ho offisielt går av med pensjon neste år, har ho takka ja til fire nye år i FNs underkomité for førebygging av tortur og umenneskeleg behandling. Derfor er Nora Sveaass ein svært verdig vinnar av UiOs menneskerettspris, stod det i talen til Iselin Nybø, som altså blei halden av rektor Svein Stølen.

Så gjekk han ned frå podiet og delte ut UiOs menneskerettspris til Nora Sveaass. Publikum reiste seg og gav prisvinnaren ein varm og lang applaus.

– Overveldande og uverkeleg
– Dette er overveldande og uverkeleg for meg, sa ein tydeleg rørt Nora Sveaass i takketalen sin.

– Sjølv har eg kjent andre prisvinnarar Paz Rojas Baeza frå Chile og Diana Kordon frå Argentina. Og ikkje minst tidlegare leiar for Psykososialt senter for flyktningar og asylsøkjarar, Nils Johan Lavik, fortalde ho. Det var likevel ein bestemt peon som hadde påverka henne aller mest.

– Inspirasjonen min til å arbeida med flyktningar og asylsøkjarar med traume kom frå psykiater Leo Eitinger på 1970-talet. Det var eit banebrytande arbeid han dreiv på med. Då eg skrytte over boka hans «Strangers in the World» sende han meg ei heil øskje med bøker som eg skulle dela ut til alle kollegane mine, mintest Nora Sveaass.

UiOs menneskerettspris blei stifta av nettopp Leo Eitinger og kona hans Lisl Eitinger og ber også namnet, Lisl og Leo Eitingers pris.

– Leo Eitinger skreiv ei doktoravhandling om posttraumatisk stress blant flyktningar i Noreg etter Den andre verdskrigen. Også då eg og kollegane mine begynte å jobba med flyktningar og asylsøkjarar, kunne me støtta oss på Leo Eitingers bøker, fortalde ho.  

– Ingenting kan forsvara tortur
Nora Sveaass var glad forat FNs menneskerettserklæring og FNs torturkonvensjon så klart fordømmer tortur.

– Ingenting kan forsvara bruk av tortur. Derfor er det viktig at alle land ratifiserer torturkonvensjonen i FNs menneskerettserklæring. Etter terroråtaket mot USA 11. september 2001, understreka FNs spesialrapportør om torturTheo van Boven at heller ikkje etter eit slikt tilfelle skulle forbodet mot tortur setjast til side. Likevel blei torturforbodet utfordra, og etterretningstenester braut forbodet og fekk politisk støtte for det. Heldigvis blei det fordømt i USAs eigen kongress i 2012. Også USAs psykologforeining blei utnytta i styresmaktene sitt forsvar av tortur. Mange av medlemane protesterte heldigvis mot dette, sa ho. Nora Sveaass skildra kor tøft det er å forsvara menneskerettane i dag.

– Skulda for å vera terroristar

Nora Sveaass
Foto : Ola Sæther, Uniforum
– Menneskerettsforsvarar over heile verda lever i dag under stor risiko. Det handlar om dei som kjempar for rettane til urfolk, rettane til folk med nedsett funksjonsevne og retten til utdanning og helse. Mange av dei blir utan grunn skulda for å vera terroristar eller å driva med kvitvasking av pengar. Nok re blir dessutan hindra i å delta i forum der menneskerettar vert diskuterte, fortalde  ho.

– Bryt ned helsa og heile samfunnet
Nora Sveaass kom også inn på konsekvensane av tortur og vilkårleg fengsling i dei tidlegare diktatura i Latin-Amerika.

Håpar dei skuldige vert straffa– Tortur, arrestasjonar og vilkårleg rettargang bryt ned helsa til folk og heile samfunnet. Straffefridom etter tortur og forsvinningar er ei forlenging av torturen for offera, slo ho fast.

Nora Sveaas  kom  også inn på Nobels fredspris som i år går til Nadia Muradi frå Irak og Denis Mukwege frå Kongo.

– Eg håpar denne fredsprisen ikkje berre kan førebyggja slik vald, men også sørgja for at dei som står bak denne valden, vert straffa, sa Nora Sveaass.

– Global brubyggjar i arbeidet mot tortur
Asger Kjærum, som er juridisk sjef ved Internasjonalt Rehabiliteringsråd for Torturofre kom også med eit vitnemål om kor stor påverknad Nora Sveaass har hatt internasjonalt i kampen mot tortur og umenneskeleg behandling.

– Statar skal vera ansvarlege for å behandla torturoffer og rehabilitera dei. Det er kome inn i torturkonvensjonen på grunnlag av eit punkt som Nora Sveaass fekk innført då ho sat i FNs komité mot tortur. Før ho kom inn, var medlemane mest opptekne av å diskutera innhaldet i lover. Situasjonen endra seg då Nora Sveaass blei medlem. Det var då ho fekk inn det punktet. Derfor har ho vore ein global brubyggjar i arbeidet mot tortur, slo han fast.

Heile prisseremonien blei fint bunden saman av songaren Hanne Tveter med musikarane Torbjørn Sandvik og Antonio Torner som saman framførte songar frå Argentina/Uruguay, Brasil og Mexico. Trompetisten Trond Sagbakken fekk æra av å begynna og avslutta seremonien musikalsk.

Markerte opninga av Oslo Peace Days
Utdelinga av UiOs menneskerettspris til Nora Sveaass markerte også den offisielle opninga av Oslo Peace Days.  

Desse fredsdagane held fram med foredrag i dag og i helga før det blir utdeling av Nobels fredspris måndag 10. desember. Den 11. desember blir det Nobeldebatt i Universitetets aula med blant andre USAs tidlegare visepresident Al Gore.

Artikkelen er gjengitt med tillatelse av Uniforum