Auken i arbeidsløysa blant innvandrarar

Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar auka frå 7,2 prosent i november 2001 til 8,6 prosent i november 2002.

For heile befolkninga steig ho frå 2,7 til 3,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Det er blant innvandrarar frå Afrika at den registrerte arbeidsløysa har auka mest, med 2,4 prosentpoeng, og dei ligg også høgast når det gjeld arbeidsløyse, med 16 prosent. Dette er fem gonger høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga.

Elles finn vi ei arbeidsløyse på 11,5 og 9,8 prosent for innvandrarar frå Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika hadde den lågaste arbeidsløysa blant dei ikkje-vestlege med 9,1 prosent.

Innvandrarar frå Norden hadde ei arbeidsløyse berre nokre desimalar høgare enn den vi finn for heile befolkninga. Innvandrarar frå resten av Vest-Europa har hatt ein auke det siste året som har gjeve denne gruppa ei arbeidsløyse på 4,3 prosent – med andre ord 1 prosentpoeng over nivået for heile befolkninga.