SARS i India

Det første tilfellet av den smittsame lungesjukdomen SARS er oppdaga i India.

Det har lenge vore frykta at SARS skulle spreie seg til India. Det er ein mann i delstaten Goa som har fått konstatert smitte, melder helsestyresmaktene i India. Folk bur svært tett i dette landet, og det er frykt for at smitta kan spreie seg raskt.