I dei minst sentrale kommunane er 66 prosent av innvandrarane sysselsette, mot 59,6 prosent i dei sentrale kommunane, skriver kronikkforfattaran.
Foto: Fanney Antonsdóttir

Bygdeinnvandraren

Dei fleste innvandrarar i Noreg er ikkje muslimar, dei bur heller ikkje i Oslo. Kven skulle trudd det?

Vassande til knea i velkjende konfliktlinjer har media redusert integreringsdebatten til noko som kun omhandlar muslimane i Tigerstaden. På vegen har me mista mangfaldet som finst i den norske minoritetsbefolkninga.

Blant arbeidsinnvandrarane som kom til Noreg på 1970-talet var det og mange muslimar. Deira religiøse identitet fekk lita merksemd, men mykje har endra seg sidan den gong. I boka Integrering: teori og empiri skriv religionshistorikar Cora Alexa Døvig om ei tid då det var etniske eller nasjonale kategoriar som definerte innvandrarane: ”De var marokkanere, tyrkere, irakere osv. – i dag er det først og fremst en religiøs identifikasjon som brukes for å betegne forskjeller. Innvandreren har blitt muslimen.”

Media og muslimen
Media har spela ei framtredande rolle i denne omforminga med den massive omtalen av islam og muslimar. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) la 23. februar fram rapporten Innvandrere i norske medier: Medieskapt islamfrykt og usynlig hverdagsliv. Den inneheld blant anna ei analyse utført av medieovervakingsbyrået Retriever kor det kjem fram at i heile 2009 fekk islam og muslimar nesten dobbelt så mange medieoppslag som ordet innvandring. Med sine 77 000 treff i 2009 fekk temaet islam og muslimar bortimot like mange treff som statsminister Jens Stoltenberg, og meir omtale enn svineinfluensaen.

Samstundes har mediefokuset også gitt grobotn for eit korps av valde og sjølvvalde talsmenn og kvinner som stort sett er muslimar. Dei får sine tildelte spaltemeter – naturlegvis berre så lenge dei følgjer reglane: det må handle om islam. Dette einsidige fokuset på den religiøse identiteten skuggelegg individet som og uroar seg for sjukefråværet, plasseringa av det nye Munch-museet, og habiliteten til statsråd Berg-Hansen.

Dei besatte
2010 er knapt nokre månader gamalt og vi har allereie hatt debattar om moralpoliti, klesforbod, grisekarikaturar og radikal islamisme. Norske normer og verdiar i møte med strømningar frå delar av den muslimske befolkninga byr utvilsamt på utfordringar. Desse brytningane utspelar seg hovudsakleg i hovudstaden. Dette skal naturlegvis ikkje teiast i hel. Men godtgjer det norske mediers besettelse med islam og Oslo i integreringsdebatten?

Det er ikkje første gong Oslo-mediene får kritikk for å vere i overkant fokusert på hendingar utanfor eiga stovedør. Akersgata manglar interesse for nyhende og saker frå andre delar av landet. Denne songen har du høyrd før. I integreringsdebatten slår det imidlertid særleg dårleg ut. Det fører til ei lite representativ dekning av kor langt integreringa i Noreg faktisk har kome. Å ta trikken til Grønland vil alltid vere enklast, men det er eit dårleg utgangspunkt for det breie fokuset som er naudsynt i dekninga av ”det nye Noreg”. Då bør det vere ein tanke for norske tv- og avisredaksjonar å løfte blikket til landets meir grisgrendte strøk.

Mellom bakkar og berg ut med havet

For i kvar kommune, bak kvar knaus, og på kvart skjær bur det no ein innvandrar.
I følge tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) er det i dag 423 000 innvandrarar i landet, og 86 000 personar er norskfødde med innvandrarforeldre. Til saman utgjer desse to gruppene 10,6 prosent av befolkninga og representerer 213 av verdas land. Det er dette spekteret av menneske som burde forme våre mentale bilete av innvandraren, og utvide vår definisjon av nordmannen.

Men representerer Fatima frå Fitjar noko anna enn Osman frå Oslo? SSB-rapporten Innvandrere i norske kommuner. Demografi, levekår og deltakelse i arbeidsstyrken frå 2009 gir nokre interessante konklusjonar som tåler å bli løfta fram på ny: Sysselsetjinga blant innvandrarar er høgast i små kommunar i distriktet, kor andelen innvandrarar er låg. Sysselsetjinga er lågast i store sentrale kommunar, kor andelen av innvandrarar er høg.

I dei minst sentrale kommunane er 66 prosent av innvandrarane sysselsette, mot 59,6 prosent i dei sentrale kommunane, ein skilnad på 6,4 prosentpoeng. For den øvrige befolkninga finst det ikkje ein slik samanheng.

Bygdeinnvandraren

Saman med skulen er arbeidsplassen den fremste arena for integrering. Sysselsetjinga blir dermed av særskilt interesse som indikator for integrering. Den relativt høgare graden av sysselsetjing i distrikta kan forklarast med at det er lettare å få tett oppfølgjing frå myndighetene sidan antallet innvandrarar er lågare. Samtidig som fråværet av store minoritetsmiljø gjer at nye innvandrarar i større grad vert eksponerte for og samhandlar med lokalsamfunnet. På denne måten vert språk, nettverk og eigenskapen til å lesa dei norske sosial kodane utvikla.

Likevel er opplevinga av å vere den som er annleis i eit lite lokalsamfunn langt frå harmonisk. Skepsisen til innvandrarar er gjerne større i bygdene. Igjen står vi overfor eit mangfald på godt og vondt. At integreringsprosessen er annleis i distrikta formar og eit anna menneske. Eit menneske som i altfor liten grad vert gjenspegla i det offentlege ordskiftet.

Ei av dei meir positive utviklingane dei siste åra er at bilete av muslimar som ein monolittisk masse med eit felles verdigrunnlag og haldningar er i ferd med å slå sprekkjer. Me evnar i større grad å sjå enkeltindividet og ikkje gruppa. Ei slik nyansering er sårt tiltrengt i fremstillinga av innvandrarbefolkninga som heilskap. Her har og media eit ansvar.

Trykket i Klassekampen 02.03.2010

www.AutoDeler.co.no