
Både private og kommunar behandlar ukrainske flyktningar annleis enn andre, meiner Hero-topp: – Det er ikkje noko mindre behov hjå ein eritrear eller syrar, seier han.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
Gratis buss og tog, kontantkort til telefonar, eigne studieplassar på universitetet, inngang på museum, fotballkampar og konsertbillettar – både private og fylkeskommunar har gjeve særskilde gratisløysingar til ukrainske flyktningar sidan krigen tok til i vinter.
På asylmottak sit flyktningar frå krig og elende i andre land. Gratistilboda gjeld ikkje for dei.
Tor Brekke er konsernsjef i HERO, den største aktøren i Noreg som driv asylmottak. Han seier det er fantastisk å sjå at det norske samfunnet tek godt i mot flyktningane.






