Pablo Nerudas 100-års fødselsdag

For vel 33 år sidan kom eg til Chile for første gong, over Andesfjella etter å ha mønstra av i Buenos Aires nokre månader tidlegare.

Dette var i Allende-perioden, men situasjonen i Chile var svært spent, med portforbod om nettene, og daglege provokasjonar mot den folkevalde regjeringa. I Chile blei eg berre verande nokre få veker, men lenge nok til at eg fekk sett meg litt inn i chilensk litteratur, og ikkje berre diktinga til den store Pablo som blir feira nå i år. Eg minnest at eg for første gong las dikta til Pablo de Rokha, ein poet som blei presentert som den hemmelege og uheldige antagonisten til Neruda.

Etter å ha reist gjennom Colombia og Mexico, kom eg hausten 1971 tilbake til Noreg. Her gav eg først ut ei samling moderne kubansk lyrikk. Og så, ein vakker dag, bad Den norske Bokklubben meg velja ut, og setja om til norsk eit utval av dikta til Pablo Neruda. Denne boka, med hovudvekta på Canto General, men også med dei andre periodane av Nerudas forfattarskap representerte, kom ut i 1972, og blei stort sett tatt vel imot av kritikken. Året etter, etter militærkuppet i Chile, blei Nerudas stemme til eit av dei viktigaste uttrykka for den chilenske motstanden, stemmen til det chilenske folket, også her oppe i det fjerne Skandinavia.

Mange år seinare, i 1997, i Sauda på den norske vestkysten, blei det framført ein versjon av Canto General, med musikk av Mikis Theodorakis, og med maestroen sjølv som dirigent for eit orkester av greske solistar og meir enn hundre songarar frå Sosialistisk Kor i Oslo. Konserten fann stad i ein fabrikk som smeltar mangan frå den afrikanske Gullkysten saman med kol frå Wales til høgt legert stål, med vasskraft frå den norske Regnkysten.

Når ein chilensk diktar og ein gresk komponist møtest på eit norsk smelteverk, med sitt store verk om solidaritet, med norsk gjendiktar og norske stemmer, oppstår det også ein form for internasjonal legering. Og for meg blei dette til den sterkaste opplevinga eg har hatt av Nerudas dikting: Å lytta til mine eigne gjendiktingar av den store chilenske og latinamerikanske songen i det same omnshuset der eg sjølv arbeidde i ungdommen.

På ein ukjend stad, som vi verken har pass eller visum til, eller identitetskort, for ikkje å snakka om gyldig opphaldsløyve, der blir opphaldsstaden vår til heimstad, i rett tyding av ordet, som Ernst Bloch seier, til den staden som vi ante var der i barndommen, men der vi aldri verkeleg har vore.

Men Pablo Neruda har vore der. I diktinga hans er vi mange som kjem til vår litterære heimstad.

(Denne talen vart halden av forfattaren Kjartan Fløgstad i den chilenske ambassaden i samband med at han mottok ein av 100 medaljar som vart utdelte av den chilenske regjeringa til dei som utbreia bodskapen til Pablo Neruda.)