Kvinneleg imam kjempar for ein sexrevolusjon i islam

Imam Seyran Ateş er truleg den sivile kvinna i Europa med mest politivern. Ho driv ein liberal moske i Berlin og kjempar for ein seksuell revolusjon i Islam.
134Shares

– Eg ser etter magien i religionen min. Det er nødvendig med ein reformasjon i islam, men vi kan ikkje vente 500 år med å ta stega. Det er på tide å endre islam, seier imam Seyran Ateş i traileren til filmen «Seyran Ateş: Sex, Revolution and Islam».

Ho er i Oslo i forbindelse med visninga av filmen, og er til alle døgnets tider omringa av politifolk i sivile klede som beskyttar ho. For som aktivist, feminist og kvinneleg imam får ho ofte drapstrugslar.

– Det er behov for ein seksuell revolusjon, som betyr at folk har retten til å praktisere fri og sjølvbestemt sexualitet. Menn, kvinner, alle, påpeiker ho.

Les mer i nrk.no