Opplev unik dansegruppe frå Zimbabwe

H.M. Dronning Sonja opnar Førde festivalen

Førdefestivalen har fått stadfesta at H.M. Dronning Sonja har takka ja til å opne sommarens festival som vert arrangert 2.-5. juli. H. M. Dronning Sonja er festivalens høge beskyttar, og vitja Førde for fyrste gong då ho opna festivalen i 2004. 

– Dette er sjølvsagt ei svært hyggeleg melding for oss, og vi ser med
glede fram til å vere vertskap for Dronninga når ho kjem til Førde,
seier direktør Hilde Bjørkum i en pressemelding.

Gruppa Black Umfolosi kjem til Førdefestivalen. Ta med heile
familien og opplev desse fargerike og energiske songarane og dansarane
med ei fantastisk formidlingsevne og eit smittande engasjement.
Tradisjonsmusikken i Zimbabwe er inspirert av gospel og handlar om liv,
kjærleik, krig, apartheid og AIDS. Zimbabwes fremste musikkambassadørar
eksperimenterer med vokalharmoniar og akkompagnerer seg sjølve med
kroppen som rytmeinstrument. Eksplosivt! 

Afrikansk eksperiment

Med fargerike
kjeledressar, berr overkropp, gummistøvlar og anleggshjelmar framfører
dei tradisjonelle songar og dansar frå Zimbabwe. Songane er
gospel-inspirerte og tekstane handlar om livet; kjærleik, familie,
krig, apartheid og AIDS. Black Umfolosi eksperimenterer med
vokalharmoniar, og lagar spesielle arrangement med spesielle
akkompagnement. Med klikking, tramping, klapping og roping, skaper dei
intrikate rytmar og eit heilt særeige musikkuttrykk.

Revolusjonære zuluer

Gruppa
vart etablert av elevar ved George Slundika School i Bulawayao,
hovudstaden i den Ndebele-språklege regionen. Namnet har dei henta frå
det revolusjonære Zulu-regimentet på 1900-talet, Black Umfolosi
Regiment, og i heile 27 år har gruppa Black Umfolosi vore på turnéar
verda rundt. Dei har ei fantastisk evne til å formidle og eit smittande
engasjement. Dei skuffar aldri sitt publikum. Karane likar  å overraske
– og elskar å få publikum med seg. Også på scena. Black Umfolosi var
også på Førdefestivalen i 2001, og er ei av fleire jubileumsgrupper på
årets festival.