Ein av fire røysteføre i Oslo har innvandrarbakgrunn

 
Foto: Sanjayan Shan
117 400 personar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved årets val i Oslo, noko som utgjer 24,7 prosent av alle dei røysteføre i hovudstaden. 

Det er i alt 70 100 fleire utanlandske statsborgarar som kan røyste i Noreg i høve til ved valet i 2007. I alt har vel 3,79 millionar personar røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten, ein auke på 180 900 røysteføre sida førre val, i 2007.

Fleire røysteføre med innvandrarbakgrunn
Ikring totalt 392 300 personar med innvandrarbakgrunn har røysterett ved valet til hausten, ein auke på 112 800 personar samanlikna med valet i 2007. I alt utgjer personar med innvandrarbakgrunn 10,4 prosent av dei røysteføre ved valet. 207 300 av desse er utanlandske statsborgarar med 3-årig butid eller meir, medan 185 000 er norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Flest med innvandrarbakgrunn finn me i Oslo.
Sterk auke av utanlandske statsborgarar
Samanlikna med valet for fire år sidan er det 70 000 fleire utanlandske statsborgarar som kan røysta ved valet. Halvdelen av denne auken kjem av innvandring frå Aust-Europa. Det er 25 500 fleire frå Polen som kan delta ved dette valet. Den største gruppa er svenske statsborgarar, med 34 800 røysteføre. Dette er 11 300 fleire i høve til for fire år sidan.

Fleire eldre veljarar
Samanlikna med valet i 2007 har 24 300 fleire 18-21-åringar røysterett ved lokalvalet for fyrste gong, samstundes som det har vorte fleire eldre røysteføre. Mengda eldre veljarar, 67 år og eldre, har auka med 40 000 samanlikna med 2007, og utgjer 17,6 prosent av dei røysteføre.
Norske statsborgarar busett i utlandet vert automatisk oppførte i manntalet dersom dei har vore busett i Noreg i dei ti siste åra, og elles følgjer krava til røysterett. I år vil denne gruppa utgjere 39 300 personar.