Innfører underhaldskrav ved familiesameining

Regjeringa vil frå 1. mai 2003 innføre underhaldskrav ved familiesameining. Den nye regelen gjeld ikkje dei som har fått asyl.

Fram til 1997 var det krav om at den som hadde fått arbeids-eller opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter å ha søkt asyl, måtte kunne underhalde familien sin ved familiesameining her i landet. Departementet vil frå 1. mai 2003 innføre eit slikt krav til underhald på nytt att. Det inneber at Noreg får eit regelverk som er på linje med dei fleste andre land i Europa.

Ved den planlagde forskriftsendringa tek ein ikkje frå nokon sjølve retten til familiesameining. Endringa inneber at eit av vilkåra for retten til familiesameining blir innskjerpa fram til den som bur her får fast busetjingsløyve, nemleg kravet om underhald.