Stans i behandlinga av søknader frå somaliske asylsøkjarar

0Shares

– Vi har sett ei stor auke i talet på somaliske asylsøkjarar til Noreg den siste tida. I løpet av dei sju første månadane i år kom det 1 036 somaliske asylsøkjarar til Noreg. Dette er ikkje langt unna det totale talet på dei som kom i heile i 2002 og 2001. Vi har òg erfart at misbruket av reisedokument blant denne gruppa er stort. Andre europeiske land har gjort endringar i praksis og gir no fleire avslag. Mykje tyder på at ei større tilstrøyming frå Somalia ikkje berre er eit uttrykk for situasjonen i landet, men også regulær migrasjon.

På denne bakgrunn meiner kommunalministeren det er naudsynt å gå gjennom behandlinga av somaliske asylsøkjarar, for å kome meir på linje med andre land si behandling. Departementet vil sjå på innstrammingar i praksis, men planlegg ikkje innstrammingar overfor personar med eit individuelt behov for vern.

– Eg legg til grunn at det ikkje vil ta lang tid før endringane blir sett i kraft, seier kommunalministeren.