Heildagsopplæring gir betre integrering

– No har flyktningar rett og plikt til å følgje eit fulltids individuelt tilpassa opplæringsprogram. Det betyr at flyktningane sitt første møte med Noreg ikkje lenger er sosialkontoret, seier fungerande direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI), Manuela Ramin-Osmundsen.

Introduksjonslova er obligatorisk frå 1. september 2004. Dette er den første lova som regulerer integreringsarbeidet i Noreg og som gir nyleg komne flyktningar både rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og tiltak som førebur for arbeidslivet. Alle kommunar som buset flyktningar har no plikt til å tilby eit inntil toårig, individuelt tilpassa fulltidsprogram. I september blir om lag 3 300 flyktningar omfatta av ordninga. Programma blir skreddarsydd for kvar enkelt ut frå tidlegare erfaring, behov og ønske for framtida.

For flyktningane er introduksjonsprogrammet som å vere i jobb. Programmet tilsvarer ei vanleg arbeidsveke, der ugyldig fråvær gir trekk i stønad. I tillegg til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, skal tiltak som førebur til ordinær utdanning eller arbeid vere ein del av programmet. Mange kommunar tilbyr språkpraksis på ein arbeidsplass, eit heilt nytt tilbod i språkopplæringa. Gjennom programmet får flyktningane praktisere norsk, lære skrivne og uskrivne reglar om arbeidslivet og vere i kontakt med nordmenn. Det skal vere med på å gjere det lettare å finne seg til rette i Noreg.

– I eit likestillingsperspektiv er det viktig at kvinner no tek del i introduksjonsprogram på lik linje med menn, seier Ramin-Osmundsen. Introduksjonsstønaden er, i motsetning til sosialhjelp, ikkje behovsprøvd eller samordna. Det inneber økonomisk gevinst for familien at begge foreldre deltek. Deltakarane får éin stønad, i staden for sosialhjelp som tidlegare.

– Sosialhjelp er meint som eit siste tryggingsnett for oss alle. For flyktningar har sosialhjelp vore det første tilbodet og mange har blitt verande i klientrolla, seier UDI-direktøren.

Introduksjonslova er ei gjensidig plikt for både kommunar og flyktningar. Kommunane har plikt til å tilby eit kvalifisert, individuelt program til kvar enkelt, mens flyktningane må delta aktivt for å ta imot stønad. Kommunen si rolle er no endra frå hjelpar til rettleiar, og nasjonale standardar sikrar eit betre og meir likt tilbod over heile landet.

– Etter kvart kan vi følgje med på kor raskt flyktningar kjem i arbeid og utdanning etter at programmet er avslutta, forklarer Manuela Ramin-Osmundsen.

Den nye lova legg opp til eit tettare samarbeid mellom alle offentlege etatar som jobbar med flyktningar, m.a. Aetat. Fleire kommunar har jobba aktivt med gode program før lova blei obligatorisk. Erfaringane herifrå viser at fleire flyktningar enn tidlegare er komne i jobb og skule.