Færre ikkje-vestlege innvandrarar stemte

0Shares

Ved det komande stortingsvalet i haust har 123 700 statsborgarar med innvandrarbakgrunn røysterett, dette er 24 000 fleire i høve til valet for fire år sidan.

Valundersøkinga frå 2001 synte at innvandrarane si oppslutning om stortingsvalet var lågare i høve til befolkninga generelt. 52 prosent av dei norske statsborgarane med innvandrarbakgrunn nytta røysteretten ved stortingsvalet. Dette er 23 prosentpoeng lågare i høve til heile befolkninga. I ei tilsvarande undersøking ved stortingsvalet i 1997 var valdeltakinga i innvandrarbefolkninga på 63 prosent, i følgje tal fra Statistisk Sentralbyrå (SSB).

54 prosent av kvinnene med innvandrar bakgrunn nytta røysteretten medan valdeltakinga hjå menn var på 49 prosent, ved valet i 1997 var òg hovudskilnaden mellom kjønna på 5 prosentpoeng.