Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap innføres

Med innføringa av rett og plikt til opplæring i 300 timar norsk og samfunnskunnskap, sender samfunnet eit tydeleg signal om at alle som skal ha ei varig tilknyting til landet, må lære norsk.



Det er og viktig at innvandrarane lærer norsk dei første åra i Noreg. Til no har innvandrarane hatt eit tilbod om gratis opplæring i norsk, men det har vore den einskilde som sjølv har avgjort om og når han eller ho vil ta imot tilbodet. Dette blir det no ei endring på.


– Gode evner i språk og grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet er ein føresetnad for å kunne vere ein aktiv deltakar i samfunnet, og for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning, seier Erna Solberg.

– Å leggje til rette for at innvandrarane lærer språket er og viktig for at samfunnet skal få del i ressursar og erfaringar innvandrarar har med seg når dei kjem til landet. Samstundes er det og viktig at både far og mor meistrar norsk språk og har kjennskap til det norske samfunnet for at dei skal kunne fylle rolla som foreldre i Noreg, og følgje opp både i høve til både barnehage og skole.


Ordninga med rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nykomne innvandrarar vert sett i verk frå 1. september 2005, og gjeld innvandrarar som får innvilgja opphalds- eller arbeidsløyve som gjev grunnlag for busettingsløyve (permanent opphaldsløyve) etter 1. september 2005. Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogram for nykomne, som vert satt i verk frå 1. september 2004, er begge viktige tiltak for å leggje til rette for at innvandrarane skal kunne ta aktivt del i arbeids- og samfunnsliv. Begge ordningane er lovfesta i introduksjonslova.


Opplæringa i samfunnskunnskap består av 50 timar opplæring i samfunnskunnskap på eit språk vedkommande forstår. Denne opplæringa bør gis det første halve året innvandraren er i Noreg. Mange innvandrarar vil ikkje kunne lære tilfredsstellande norsk i løpet av 250 timar. Det er der derfor mogleg å få ytterlegare 2 700 timar opplæring i norsk ved behov.

Gjennomført 300 timar opplæring eller dokumentasjon av tilstrekkelege kunnskapar i norsk innføras samtidig som vilkår for å kunne få busettingsløyve og statsborgarskap.