Satsar på integrering

0Shares

Regjeringa skriv at Sverige skal bli eit føregangsland på integreringsområdet og gjere framsteg som kan verifiserast.

Nytt i det svenske statsbudsjett for 2006 er ei presisering av måla for integreringspolitikken innan ulike samfunnsområde: sysselsetjing, utdanning, statleg arbeidsgivarpolitikk, diskriminering, nyleg komne innvandrarar, rettsstellet, bustad, demokrati, helse, sosialforsikringar og kultur.

For å måle effektane av integrasjonspolitikken, har den svenske regjeringa valt ut rundt 60 oppfølgjande indikatorar som regelmessig skal kontrollerast.