Eit kritisk blikk på relasjonar mellom minoritets- og majoritetsaktørar.

0Shares

Blant innleiarane er: Anita Rathore, OMOD, Rebecca Scherr, førsteamenuensis ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk (ILOS), UiO. Lavleen Kaur, stipendiat ved Institutt for Kriminologi og Rettssosiologi, UiO. Med dette seminaret ønskjer me å retta eit kritisk blikk på forsking på minoritetar.

Me vil diskutera kunnskapsinnhenting og kunnskapsformidling på feltet, sett i samanheng med økonomiske føringar knytt til statsstøtte og forskingsmidlar. Kven set dagsorden for forskinga og definerer kva det skal forskast på? Kva rolle speler frivillige organisasjonar og verksemder som formidlarar av informantar og forsking? I kva grad blir forskingsresultat tilbakeført til informantar? Arrangementet er i regi av Organisasjonen mot offentleg diskriminering, Juridisk rettshjelp for kvinner og FEMM-nettverket.

Fagleg ansvarlege: Helga Eggebø, SKK og Dorthe Trøften, OMOD.