Noregs rolle på Sri Lanka

Fredsprosessen på Sri Lanka er for tida det viktigaste bidraget frå norsk side i kampen for fred og utvikling i verda. Kven er dei viktigaste aktørane som Noreg må ta omsyn, og kva for særlege utfordringar representerer desse for norske tilretteleggjarar?

Konkret: Kva skuldast den sterke motstanden frå enkelte buddhistiske grupper mot fredsprosessen generelt og Noregs rolle spesielt, og korleis bør Noreg som tredjepart møte denne kritikken? Korleis styrer tamiltigrane i nord og aust, og i kor stor grad kan ein utnytte dei statsliknande institusjonane som der er bygde opp for å skape ein stabil og varig fred på øya?

Innleiarar:

Religionshistorikar og stipendiat Iselin Frydenlund (UiO), som har forska på den religiøst funderte motstanden mot fredsprosessen i landet.

Professor i samfunnsgeografi Kristian Stokke (UiO), som nyleg har vitja dei tamilske områda i nord og analysert den institusjonaliseringa som der går føre seg.